Kjeldearkiv:Tidsskrift for Valdres historielag 1939

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Artiklane er henta frå Tidsskrift for Valdres historielag 1939 og er forfatta av Olav Moe og Knut Hermundstad.

Gamle Valdres-spelmenn IV.

Knut Ringestad og Gullik Teigstol.

av Olav Moe

Jørn Hilme i fyrste halvpart av fyrre hundraåret hadde skapt eigen form og line i musikken sin, som heilt skilde seg ut frå Valdres-musikken fyre han, då vaks det fram ei rekkje unge spelmenn i alle Valdres-bygdene, og i grannebygdene med, og som alle bygde på Hilme-spelet. Eg hev fyrr skrive um sume av dei som Ola Strond, (Søynin), Beitohaugen m. fl.

Av andre valdrisar som lærde av Hilme, og lærde godt, var ogso Knut Ringestad og Gullik Teigstol, båe frå Vestre Slidre. Dei var jamngamle og fødde ved 18-hundretalet. Dei var grannegutar og hadde sers gode evnor og musikkskjøn i teknisk framføring av musikk. Båe hadde dei ein dårande fin tone, eit naudfint drag og framifrå bogeføring i spelet sitt.

Å føra nokor mannjamning mellom dei tvo er sjølvsagt rådlaust for den som ikkje kjende dei personleg og høyrde dei spela. Det vert soleis berre etter umtale me no kan gjera oss upp ei meining um deira givnad og hagleik som spelmenn. Den eg sers held meg til, etter umtalen, er min eigen læremeister, Ola Hamre, Brøtaguten, dei kalla, frå V. Slidre. Han sette Knut Ringestad uvanleg høgt. Det kom vel mykje av at Ola var tenestgut på Ringestad i ei rekkje år og var mest saman med Knut — og spela saman med han.
Gamle folk i Slidre hev fortalt meg at Ola tente so lenge på Ringestad mykje for spelingi si skuld. Når Ola kom i godlag, hadde spelt seg upp og spela retteleg godt, kom samtalen snøgt til å krinsa um Knut. Og med dogga augo kunde Ola -- når han spela av dei finaste slåttane sine — koma med ordkast som so: «Når han Knut Ringestad var i beste draget og spela denne slåtten, so var det ikkje lenge før ho stokk, tåra!» — Eller: «Når han Knut stilte um fela i «forstemt» (utanum det vanlege felestille) og spela lyarlåtta, so Herre min Gud, kor fint det då let!»

Slike merknader fall jamt og samt. — Etter at Knut gifta seg, kjøpte og busette seg på Søre Røn i Slidre, og Ola som gamal ungkar fekk seg ei liti stove på Hamresbrøto, var vegleidi hans jamt til Røn. Vanta det han eit fingertak, eit ristetak med bogen eller eit ekstragrep i eit «kvæletak», som det heitte når eine strengen vart stengd under spelet, so var det til Knut Røn og få rettleiding. Og han fekk hjelp.

Knut Ringestad var, som alle i Ringestad-ætti, ein rakvaksen kar, godlynt, men lentug og spræk når det røynte på. Dei sa han «stal kjerringi si», på den store bondegården Fere (Ferden) tvers over fjorden frå Røn, der Knut budde då han vart vaksen. Folki hennar var imot giftarmålet, men gjenta var sagte med på å lata seg «stela». So rusla Knut over fjorden ein sein kveld og tok likso godt gjenta med seg til Røn. Og det vart eit lukkeleg giftarmål. Av borni deira var den vidgjetne spelmannen og trauste bonden Jørn Røn.

Han var soleis ikkje nokon vanleg dusinkar, Knut Ringestad. Og det var ikkje berre som spelmann han var stor og sjeldsynt, men ogso som menneske, bygdemann og bonde. Det var ikkje berre flogvit, men lynne og fantasi både i musikken og i kvardagslivet.

Gullik Teigstol

Gullik Teigstol var bonde på Teigstol i Kvålsgrendi i Slidre og var sikkert på sett og vis jamngod med Knut. Ein sogemann som eg set mykje pris på, Ulrik Jensestuen frå Aurdal, fortalde meg sumt um Teigstol som musikkar. Han hadde ikkje sjølv høyrt Teigstol, men far hans, tambur og underoffiser O. Eriksen, han kjende Teigstol godt. Og Ulrik hadde mange ordtak etter far sin um kor god spelmann Teigstol var. Dei slåttar me hev att og som serleg nemnest «Teigstollåttar» syner ei naudfin harmonisering, eit greidt og støtt spel, kjenslefint og reint. Sers på «forstemt» stille: trollstille, huldrestille o. s. b. skulde Teigstol vera ein rein meister. I det hadde han noko likskap med Håvard Gibøen frå Raulandstrand i Vest-Telemark. Han levde på same tid som Myllarguten og spela mykje saman med Myllaren. Vanleg var vel Myllaren den store meisteren både i fantasi, slåtte-dikting og tolkar av musikk. Men Gibøen hadde noko av Draum-kvæde-giren i seg. Og dei sa, at når han kom i det rette lune, stemte fela si um og spela i forstemte felestille, då vart Myllaren redd og sa: «Stidd uppatte, Håvard! Stidd uppatte!» (I Vest-Telemark seier dei d for 1).

Gullik Teigstol slutta i unge år som spelmann, d.v.s. so i leik og lag. Folk fortel at kona hans var «haugianer» og streng pietist og såg berre styggedom og djevelskap i fela og felespel. Og det var venteleg etter påverknad av henne at han so tidleg gav upp kunsti. Men samhugen slepte han aldri. Far min, som ogso pusla og spela litt, utan å føra det upp i sers høgder, fortalde meg at Teigstol ofte vanka i huset vårt, då han var i slektskap med mor mi. Og far var då sjølvsagt ihuga etter å få Teigstol til å spela, når han var i huset. Men det var mest rådlaust, sa far.

Men ein gong, i eit jolelag heime, bad far atter um spel av Teigstol. Då svara han: «Nei, eg vil ikkje lata, men eg skal syna deg eit sjeldsynt felestille som Jørn Hilme bruka mykje når det retteleg røynte på!» --Og det var noko «eige, dårande, dragande vent over den samklangen fela fekk ved det stille,» sa far.

Som Knut Ringestad var ogso Gullik Teigstol ein gåverik kar, spøkefull, rik på eventyrdåm og fantasi som spelmann og menneske. Gullik var bror til amtsskulestyrar Ola Teigstol, han som hev skrive det ovfagre diktet um gamle Lomiskyrkja.

Fyrste verset lydde so:
«Liti o brun so trygt ho står me' stupule attåt som tenar.
Klukkudn ringde snart tus'n år O ingjin sta'n låte dei venar'.»
Og dei tvo siste:

«Stig du inn, tak luva di tå, gå stilt på dei gamle planko,
hugse på far din o mor di då; dei sto der i sene tanko!
Der vart dei døypte o vigde me' o stilt dei «Fadervår» mulla.
Uttafør vegge lagdist dei ne' o attåt dei are se krulla!» —

Dette religiøse draget, og høgtidslaget, låg synbert i ætti, so det var kanskje ikkje rart at Gullik Teigstol la burt fela og tok Bibelboki att.

/ Olav Moe.

Nils Nilsson Beitohaugen

Ei stutt livssoga.

Av Knut Hermundstad

Ætt.

Den namngjetne spelmannen Nils Nilsson Beitohaugen var ætta frå Høre i Vang i Valdres. Bestefar hans var Nils Nilsson Kviishaugen. Han var gift to gonger. I fyrste ekteskapet fekk han m. a. sonen Nils som fekk Kviishaugen. Ein annan son, Endre, for til Amerika. Ei dotter, Anne, vart g. m. Nils Andresson Hovda. Dei kjøpte ein av Røvangs-gardane. I andre ekteskap (kona heitte Kari) fekk han ein annan son, Nils, som kjøpte Beitohaugen. Han vart far til spelmannen. Denne Nils-en vart og gift to gonger. Fyrste kona heitte Marit Olsdotter Beito («ned i gare»). Barn: Nils (spelmannen) og Marit g. m. Knut Olson Beito («oppi gare»). Andre gongen var han g. m. Ingebjørg Julsdotter Beito, men dette ekteskapet var barnlaust.

Far til spelmannen Nils Beitohaugen var f. 14. juli 1835 og var 17 år då han fekk tak i sjølve Beitohaugen. Sidan kjøpte han innåt fleire bruk, såleis Tørstad-delen og Tomarkateigen, så Beito-haugen vart ein høveleg gild gard. Han vart tidlleg ein flink tømmermann og ein svært gløgg hestealar. Mykje attåt kjøpte han unghestar, som, han ol opp. Over 20 hestar gjekk gjennom hendene hans såleis. Ein Knut Vårum skar hestar, og for det tok han ein halv dalar stykket. Han hadde den regelen at 20. hesten åt ein mann skulle gå attpå. Ein gong gamle Nils Beitohaugen hadde vore på Vårum att med ein unghest og skulle gjera like for skjeringi, sa Knut Vårum: «Nei, no ska du sleppe bitala, for de e tjuende hest´n e skjer åt de, dette!»

Fåe skjønte alderen på hestane betre enn han gamle Nils på Beitohaugen. Berre han kasta augo på hestekjeften, så sa han alderen så visst som å ta på hylla, l det heile skulle gamle Beitohaugen ha vore ein svært evnerik kar og etter tidi ein opplyst mann. Han hadde og eit hugs som var framifrå. Gamle ætter og bygdetradisjon kunne han sitja og tala om time etter time. Han hadde og ein forteljegivnad, som låg langt over det vanlege. På sine gamle dagar var han mykje barnefost åt soneborni. Og når gamlen fekk sitja og fortelja og hulle åt borni, då likte han seg. — Til kvar bidige sundag samla han huslyden og heldt hus-andakt med tekstlesing or huspostilen, og då laut alle lyde på. (Les meir om gamle Nils Beitohaugen i O. K. Ødegaard: «Valdresfolk» s. 53—57.)


Spelmannen stig fram.

Sonen, Nils Beitohaugen, hadde ervt mykje av den åndelege givnaden og det gode handelaget til faren. Men attåt dette sprang det i sonen fram ein ny åndgivnad, den store musikkalske evne. Det er ingen som veit om at nokon i den næraste ætti hadde denne evna, i all fall ikkje i nokon større mon.

l barneåri gjekk unge Nils Beitohaugen i omgangsskule hjå Ola K. Alfstad. Han var ikkje meir enn 9—10 år då han så smått tok til å spela på fela. Det gjekk såleis til: Næraste grannen til Beitohaugen var meisterspelmannen Lars Krøsshaug på Tørto. Lars var ikkje mykje om å lære frå seg. Men då han høyrde at vesle Nils kunne spela oppatt låttane hans godt, vart han straks viljug til å lære han meir. Om dette fortel den kjende spelmannen Ola G. Okshovd:

«Med Nils gjekk i skulen i ein av søre Beito-gardane, gjekk han jamt inn til Lars Krøsshaug når han var på heimveg. Han var så glad i spelet hans. Og gamlen let, og den unge musikkalske guten saug inn tonane. Han fekk seg fatt i ei skarve fele og spelte oppatt. Ofte gløymde han bort både mat og tid og vart sitjande i Tørto til langt ut over kvelden.

Faren mislikte, som ventande kunne vera, at guten hans ikkje kom heim frå skulen den tidi han skulle. Når nokon kom inn, kunne han vera grov i målet og seia: «Du såg kji te han Nils, sonen min, veit e? Denna fillegut`n ha vel slonge uppi te o Lars att!» Om læreåri han hadde hjå Lars Krøsshaug har A. O. Øyo skrive ein gild artikkel i dette tidsskriftet 15. årg. for 1937. Me viser til dette. Om samværet hans med Krøsshaugane fortel Ola G. Okshovd meir:

«Hovudtyngdi av felespelet sitt lærde Nils Beitohaugen av Krøsshaugane, fyrst og fremst av Lars, som alt omtala, men og av broren, Andres på Teige i Høre. Om spelet åt desse brørne sa Nils Beitohaugen:

«Te spela springar var Andris sikkert so god som Lars, men i lyalæte var Lars den store meisteren.»

Krøsshaugspelet var eit utifrå fint spel. Det er sagt at dei gamle spelmenn av og til møttest og heldt mest som ei spelmannsprøve. Då møtte Hilmishagin (Jørn Hilme) og Lars Krøsshaug, far til Krøsshaug-brørne, og fram. Då er det sagt at dei som høyrde på ofte sa: «Hilmishagin e nokk ein uvanle go spelmann, men Krøsshaug`n e like go te prille!»

Så stal Beitohaugen kunst av fleire Øystre-Slidre-spelmenn, såleis: Gullik Okshovd, Jøger Sagahaugen, Torger Hegge, Haldor Rudi o. fl. Han Nils på Beitohaugen var og mykje i lag med Andres Bunde, Høre, og han var og ein svært dugande spelmann. Han var på Okshovd og let eit par gonger, så eg veit kva eg talar om. Ikr. 1888 for han til Amerika.

Nils Beitohaugen vart tidleg ein meisterspelmann og ein svært dugande smed. Om vårane var han ofte på Okshovd og smidde. Då hadde han støtt fela med. Kvar bidige gong han hadde ete, var det å ta fela. Han far, Gullik Okshovd, spelte og fele, og Nils lærde nok låttar av han og.» (Ola G. Okshovd).

I yngre år spelte Nils Beitohaugen mykje i leikar og lag. Han sa sjølv at han vissa hadde spelt i 50 bryllaup, I Slidre-bygdene og tildels i Vang var han ei tid den vissaste spelmann.

Det som serleg sermerkte Beitohaugspelet var ei reint sjeldsynt evne til å prille. Men det var anna sermerkt ved han og. «Når Nils på Beitehauge let på fela, fekk han til mange fleire vek enn andre spelmenn.» (Ola G. Lykken). «Beitohaugen var av dei beste som har funnest her over bygdene til å låte låttane vel ut i alle krokar.» (Nils O. Vinningsstad).

«l gamalt lyalæte var Beitohaugen ein stor meister. Her hadde han nok lært omlag alt som Lars Krosshaug kunne og meir til.» (Ola G. Okshovd). Av typiske låttar som Nils Beitohaugen spelte mykje, var fyrst og fremst Brulått`n. Det var fyrste låtten som vart låten i brudehuset når brudefolket kom att or kyrkja. I gamal tid let spelmannen og denne når han rei føre brudeferdi til kyrkja. Andre låttar han let mykje var: Ukselått`n, Langelått`n, Ho Guro, og ein Tømesklukkelått, som tolkar samspelet mellom båe Tomas-kyrkjeklokkone. Denne siste hadde han lært av Krøsshaugen, og det er ein naudende fin lyalått.

Andre låttar Beitohaugen spelte mykje var: Tomasklukkelått`n, Sylkjigul'n, Kubakkin (Vang) eller Skraddarlått`n (Øystre Slidre), Lått`n so Hinmann'n plistra i Kjyrkjitårne, Epleskjyla, Kristen feiar, Midt i myljo jol o kyndilsmess, Jønsoklått`n o. fl. Beitohaugen har visstnok berre laga ein lått. Dei kallar han vanleg «Beitohaugen». Han går på same stilling som Tomasklukkelått`n eller på trollstemt fele. «Denne låtten er elles ikkje så ukjend,» seier Engebret Beitohaugen. «Han blir spelt av dei fleste spelmenn i Valdres, men ofte er han nokså ukjenneleg når ein veit korleis far spelte han.» Nils Beitohaugen var og ein uvanleg god mumnhorpespelar. Munnhorpa hans er endå på Beitohaugen.

I alt nytta Beitohaugen tre felor. Den eine selde han til Knut Bergheim i Beito, og han har ho endå. Den siste fela hans og den beste er på Beitohaugen endå. No er det sonen Engebret som brukar ho med fynd og klem. Han Nils Beitohaugen kjøpte ho av Torleiv Ellestad på Gullhaug. Ho skal ha vore i Amerika to gonger. Det var gamle spelmenn i Vestre Slidre som hadde ho med seg. Ho skal vera arbeid av Trond Isakson Flatabø. Det er ei svært god fele, men ho har litt veikt mål, som dei fleste Flatabø-felone.

Om Nils Beitohaugen og spelet hans seier elles den kjende fele-spelaren Ola G. Okshovd, som sjølv skal ha lært mykje av kunsti si hjå Beitohaugen:
«Beitohaugen spelte på ein sermerkt måte. Sagahaugen sette fela øvst på bringa og brukte den vesle bogen med så lange tak som råd var. Beitohaugen hadde vant seg til å halde fela lægre. Bogestroki vart difor mindre. Prillingi hans var makelaus. Det vart difor ein personleg dåm over spelet hans med ei utifrå fin krulling og reine, klangfulle drag. Noko av det beste spelet sitt gav han i lyalåttane. Her kom desse merkelege fingrane hans heilt til sin rett.

Beitohaugen hadde lært seg det meste og det beste av Krøss-haug-spelet, fyrst og fremst av lyalåttane, som alt før omtala. Det gode er at sonen Engebret og fleire Øystre Slidre-spelmenn har lært same spelet. Engebret held alt på bli ein landskjend spelmann. I eit lag nyst her i Øystre Slidre gjekk fela frå den eine til den andre ungdomen. Til slutt hadde 8—10 av dei spelt og det godt. Ein kan difor trygt seia at Krøsshaug-spelet lever og blømer den dag i dag.»

Sagnet legg glorie kring Beitohaugen.

Beitohaugen er av dei storspelmenn som segni alt held på legg glorie kring. Her er eit par tre stubbar som syner det:

«Ein gong var Beitohaugen i Vang og ville kjøpe seg såkorn. Han fekk seg då hus på ein gard synst i Vangssokni. Men det vart snart uroleg der. Det skulle vera ball der om kvelden. Då det leid på, spurde husbonden øystre-slidringen som han hadde gjeve hus, etter spelmenn i Øystre Slidre, m. a. etter Beitohaugen. «E de noko te spelemann, de då?» sa han. «Nei, han læt berre lite ein og annan gongen,» vart det svara til. Då det leid på kvelden, og spelmannen og andre skulle ha seg mat, tok Beitohaugen til å klunke på fela åt spelmannen. Men dette vart nok ikkje likt. Spelmannen kom og tok att fela si: «E vil kji ha skjemt burt fela mi, ska e seia de!» let han.

Om ei stund skulle spelmannen gå ut. Då kunne ikkje Beitohaugen aga seg. Han kneip fela og let ein av beste låttane sine, «Trumpen hass Trond». Då kann det vel hende at folk tok til å lyde. Slikt spel hadde dei ikkje ofte høyrt. «Du e nøkk Beitohaugen sjøl, du!» sa bonden. Nokon annan kunne det ikkje vera! No vart det Beitohaugen som kom til å spela resten av kvelden. Og han skjemde så visst ikkje fela!» (Etter Ola O. Vinningstad). — «Eg hadde støtt trutt at det var noko tøys at spelmenn kunne spela av strengene åt kvarandre. Men eg har nok lote trutt omatt. No skal du berre høyre:

Det var auksjon i Hauge. Beitohaugen og Torger Hegge var der og skulle spela. Eg gav meg til der, for eg ville gjerne høyre Beitohaugen let. Så rusla eg opp på stoga. Der sat Beitohaugen og let så smått. Eg sat og lydde. Du, for reint, fint spel! Maken har eg aldri høyrt. Om ei stund bar det ned i stoga med oss alle. Der sat Torger Hegge bort i høgsætet og let. Det var grepa spelmann, det med. I sengi låg det ei fele. Den tok Beitohaugen og stelte seg til låte litt fint (lågt). Eg sat bort ved døri, så eg såg og høyrde alt. Best det var, sprang det av to strenger på fela hans Torger Hegge. Då snart Beitohaugen ut. Torger Hegge tok då fela som var i stand, og let på den. Då synte skjegget åt Beitohaugen seg i dørglytten. Med det same sprang to strenger på den nye fela hans Torger. Det var rart. Dei ville ha det til det at Beitohaugen kunne noko såleis.» (Etter Ola K. Rudibråten).

«Sume gjorde ilt på felone, så strengene sprang av. Men spelmennene visste råd for det. Dei felte inn eit eller fleire byggkorn bak stillehuset på fela, og så brædde dei atti harpeis. Det var såleis han hadde gjort det Beitohaugen og. Difor hadde ingen makt til å spela av strengene hans. Ein som var inne på Beitohaugen, såg ein gong at harpeisen hadde gått av, så byggkornet synte på fela til Beitohaugen.» (Etter Ola G. Lykken).

Handverkaren.

Nils Beitohaugen hadde eit utifrå godt handelag. Han var av det gamle, gode slaget som gjorde omlag alt som fall til på ein gard, og ikkje noko vart borttjont. Lengst dreiv han det i smiing. Han var ein svært dugande og mykje nytta bygdesmed. Kvar haust, vinter og vår for han over mykje av Hegge sokn og smidde. Mykje arbeid tok han heim til seg og. Smia hans står på garden endå. Han la jarning på sledar, sluffor og kjerror, han laga hamrar, grev, hesteskor og all annan smidd gardsreiskap. «Nils på Beitohaugen var i sanning ein flink smed. Det var kar som ikkje fuska, det. Og så billeg som han var!» (Ola G. Lykken).

Beitohaugen var og ein retteleg dugande låssmed. Her synte han seg som ein kunstsmed og. Attåt dette var Nils Beitohaugen ein etter måten flink urmakar. Han laga ikkje nye ur, men vøling dreiv han svært mykje med. Stundom kunne han ha ei 60—70 ur på same tid til vøling. Eit år var han hjå urmakar Lajord i Vang ei veke eller to. Det var heile lærdomen. Elles var han heilt sjølvlærd både i smiing og i urmakar-arbeid.

Inn i mellom dreiv han med gytlar-arbeid. Han lodda, iortena, gjorde omnsrøyr o. m. Stutt sagt: I mekanikk var han altmogelegmann.

Jordbrukaren.

Garden Beitohaugen dreiv han og godt etter tidi. Han fekk brote opp ny jord og heldt dei gamle husi i god stand. Men det var lett å skjøne at han hadde meir godhug for mekanikk og musikk enn for jordbruk.

Heim og huslyd.

Nils Beitohaugen var fødd den 11. okt. 1863. Den 20. juni 1888 vart han gift med Sidsel Engebretsdotter Beito. Dei hadde desse 10 born:

1.Marit, g. m. bonde Knut Knutson Hagen.
2.Nils, g. m. jord-gjente Ragndi Rødningen.
3.Anne, lærarinne, g. m. bonde og militær Ole Vangensten,Kvien.
4.Engebret, ungkar og spelmann.
5.Ingebjørg, lærarinne, g. m. Knut Skogen.
6.Kari, lærarinne.
7.Ola, bonde på Beitohaugen.
8.Ivar, sjersant og chef for Trondheims helseråd, g. m. AslaugBiset frå Elverum.
9.Marit.
10.Knut, agronom.

Når det har gått så godt på Beitohaugen både med gardsbruket og med den store huslyden, lyt den dugande kona, Sidsel, ha brorluten av skuldi for det. Båe «tøygde reimi» så langt dei kunne, så alle borni skulle få det godt og bli til noko i livet. Det er berre folk med god oppdrift i, som gjer det så.

Nils Beitohaugen og huslyden hans: (framom f.v) Ivar. Nils. Knut. Ola. Sidsel. Marit. (Bak f.v) Kari. Ingebjørg, Engebret. Marit. Anna. (Nils vantar).

Død og ettermæle.

Nils Beitohaugen vart ingen gamal mann. Ein vår med han dreiv og smidde, bar det så vanheppeleg til at det datt eit raud-gløtt jarnstykke ned i eine skoen hans. Det brende seg inn i kjøtet på foten, før han fekk det opp att. I dette såret sette det seg ugjerd, og nokre år etter vart dette banen hans. Han døydde på Rikshospitalet i Oslo 20. juli 1927.

Det var ein stor saknadsdaude. Beitohaugen hadde då vunne seg eit namn som ein av dei aller fremste bygdespelmenn i landet vårt. Dei siste 10 år hadde han aldri spelt i leik og lag. Han mislikte det ståket og livet som fylgjer med slik speling. Men heime spelte han mykje, og når det kom nokon inn og bad han spela, tok han alltid opp fela og let eit par låttar. Det gav dei eit minne som dei ikkje så lett gløymde. Beitohaugen var elles ein blyg, smålåten, men svært tenestviljug mann. Han lika ikkje noko slag offentleg omtale. Difor var han mest aldri på felespel-kappleikar. Men minnet om han vil leva gjennom tidene. Han var ein av dei aller beste tolkarar av folkemusikken i Valdres. Det er difor ei ære for dalen å ha fostra han.

/ Knut Hermundstad.
Es. Les meir om Beitohaugen i dette tidsskrift 15. årg. 1937 i artiklar av Olav Moe og A. O. Øyo! Ds.