Kjeldearkiv:Tidsskrift for Valdres historielag 1938
Artikkelen er henta frå Tidsskrift for Valdres historielag 1938, og er nokre småstubbar om spelemenn i Etnedalen i Valdres forfatta av Johan Skrindsrud. Sjå også oversynet Spelemenn i Valdres.
Småstubba ifrå Etndale.
Han Johan på Vølle førtel um Spelemannhaugin
«Han for te Amerika i 50-åro, 'n Ola. På Spelemannhauge, so no e utlagd, sto de ei ørliti stogo me peis. Der levde 'n, o der let 'n. So spelemann va 'n flink so fåe. O de so let, de va no fela de, den tie.
På Saubrenne hadde 'n ei slåtte. Ein vinter dro 'n for derifrå på 'n skikjelke. No skulde Koduvilla, vermore hass, møte hono ve Rundtombrue. Ho skulde vara me o yte opp 'n kneik. Koduvilla sto der o venta o fraus, men ingen Ola kom de. Han hadde lurt me se fela, han, o sat o traut o let te dans på Smiogardo. På morgosia trefte 'n henne. Då sa 'n: «E kom te gå åt Kvannedale, e, o der tulla e heile natte o fann kje utatt.» Ho, vermore, trudde de me, ho. Kvannedal´n ligg synnafør Øvre Brenn, han.
Spelemannhaugin va 'n klyppar te låte. Han spelte mest springlåtta o hallinga. Sjøl for 'n te Amerika, o ho Mari, kjerringe, o døtte hass, ho Olea, va att. Stogo 'n budde i, me 'n va på Spelemannhauge, e fjøs på Nørre Støle no. 'N Ola va meddels høg.
De va ei so eitte Jørøn Koduvill. Ho leigde ei kjyr tå 'o Ola ein vinter. So sveltefora o kjyre. Då sa 'n Ola: «Om e bi gamal so møse på tre, ska alder ho Tuppe-Jørøn få krøter tå me!» Dei kalla ho Jørøn Koduvill ogso Tuppe-Jørøn.
Erik Solbrekkun
Han Erik i Nerre Solbrekkun me va go spelemann. Han for te Amerika.
O so va de
Baktjenngut'n.
Ola eitte 'n, o spelte gødt på fela, men han va ifrå Skraut- vølsbygd'n. Om sommar'n for 'n auste i fjello på stølo o hadde me se fela.
Han va so snål ette tobakke, han, o ner 'n va tobakklaus, fekk 'n kje te noko anna på fela enn dette: «'N Ola har ikkje tobakk! 'N Ola har ikkje tobakk!» Men dette sa o greidt, fela. Ner 'n då fekk ei tugge, me, so kann du tru fela let! Eigong, me 'n rangla i fjelle, vart 'n klen. De va på Kølhus. Om morgo'n, då dei såg te hono, låg 'n dau på selsgølve.
Då dei skulde ha like te bygdars, la dei bjørkestranga rundt hono o jula 'n på slein. Veltin, so va me, tok då fela åt Baktjenn-gute o let ein halling åt hono me dei kjørde. - Dette va fere mine daga.
'N Harald Skogstad
lærde se te låte me 'n va i Amerika, men tå o Jehans Ton lærde 'n se te me springaro. Han spelte nauande fint; han fekk so reint læte i fela, men då 'n vart reliøs, slutta 'n låte.
Eksterne lenkjer
- Tidsskrift for Valdres historielag. Utg. Laget. 1938. Digital versjon på Nettbiblioteket, s. 55-56.