Knud Nielsen Leem

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Knud Nielsen Leem (fødd 1697 i Haram, død 27. februar 1774) var prest, misjonær og språkforskar. Han var i 1748 den første som gav ut ein nordsamisk grammatikk, og hadde delar av sitt prestevirke som misjonær i samiske område i Finnmark.

Slekt og familie

Han var son av sokneprest til Haram Niels Leem og Anne Danielsdatter Bugge.

I 1733 gifta han seg med Sofia Ruberg.

Liv og virke

Han tok examen artium som privatist, og i 1713 vart han student ved Københavns Universitet. Der avla han teologisk embetseksamen i 1715. I 1725 vart han etter oppmoding frå Thomas von Westen kalla til Porsanger og Laksefjord som misjonsprest. Han vart så sokneprest til Alta prestegjeld i 1728, og der var han til det bar sørover til embetet som sokneprest til Avaldsnes i 1734.

I 1748 gav han ut En lappisk Grammatica efter den Dialect, som bruges av Field-lapperne udi Porsanger-Fiorden, den første nordsamiske grammatikken. Han gav òg ut ei nordsamisk ordbok i 1756, og i 1768 kom han med ei stor samisk-dansk-latinsk ordbok. Ortografien var basert på dansk, og lå eit godt stykke unna den ortofone rettskrivinga Rasmus Rask seinare innførde. Men grammatikken er av god kvalitet for sin tid, og markerer starten på den vitskapelege granskinga av det nordsamiske språket.

Han vart i 1752 titulær professor ved Seminarium lapponicum Fridericianum ved Trondheim katedralskole, som vart oppretta på ny det året. Der utdanna ein prestar til misjonen i Finnmark. Thomas von Westen hadde vore lektor der 1717–1727, men så vart det nedlagt. Etter at Leem døydde vart det enno ei gong nedlagt.

I 1767 kom hans hovudverk, Beskrivelse over Finmarkes Kapper, deres Tungemaal, Levemaade og forrige Afgudsdyrkelse. Her bidro biskop Johan Ernst Gunnerus med naturvitskapelege merknader og Erik Johan Jessen med religionshistorie. Verket er, til tross for at det så tydeleg ser den samiske kulturen utanfrå og er negativ til mykje, ein viktig kjelde til samisk kultur i tidlig nytid.

Han samla òg norske dialektord, som vart publisert av Kjeldeskriftfondet i 1923 med tittelen Professor Knud Leems norske maalsamlingar fraa 1740-aari.

Leem var òg antikvar, og lagde mellom anna eit lite raritetskabinett på Avaldsnes.

Litteratur og kjelder