Knut Bjørgaas

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Knut Bjørgaas (fødd 12. desember 1883 i Herøy, død 12. august 1946) var lærar og folkeminnesamlar.

Han var lærar på Vossestrand frå 1906. Han gifta seg i 1909 på Voss med Marta Larsdotter.

Mellom 1917 og 1945 gav han ut fem samlingar med folkeminne, Or gommol ti, særleg frå Vossestrand. I 1918 hadde han stipend frå Universitetet i Oslo til innsamling av folkeminne. Han var styremedlem i Landslaget for folkeminnesamlarar 1919–21.

Ei samla utgåve av folkeminna hans, Or gommol ti I–V, vart utgjeven av Voss bygdeboknemnd og Voss sogelag i 1998. Noko av det han samla inn, er også å finne i Etno-folkloristisk arkiv og Norsk Folkeminnesamling.

Knut Bjørgaas er gravlagd på Vinje gravplass i Voss herad.

Kjelder og litteratur