Knut Knutsson Steintjønndalen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Knut Knutsson Steintjønndalen (fødd 22. november 1887, død 11. juni 1969) var felemakar frå Bø i Telemark.
Han fekk fleire prisar for felene sine, mellom anna fire sylvmedaljer og Tidemanns pokal for felearbeid. Gjennom yrkeslivet laga han opp mot 1000 feler, og mange blei nytta av landets beste spelemenn. Han laga også fele på bestilling til musikk-konservatoriet i Aabo Finland.[1]
Verkstaden var gamal, og hadde gjenge i arv gjennom fleire generasjonar med felemakarar. Knut var den fjerde i rekka som laga feler her.
Referansar
- ↑ Sætherskar, 1949, s. 732.
Eksterne lenker
- Grepp, Olav Kyrre (red.), Felemakerene Knut K. Steintjønndalen, NRK, 1961. Lenke til video på youtube.
Kjelder
- Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.