Kornberg og Nautvik (Søkkjenot) – Notbruk i Dalsfjorden (Volda)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Notbruk på Kornberg og i Nautvik. Notbruk er nemning på reiskap og båtar som høyrer til bruken av ei not.

Not som felleseige og til felles bruk

Informanten Jon Kornberg (f.1927) fortel at det var not både på Kornberg og på Nautvikbruka. Dei to brukarane på Kornberg, Steffen, f.1863 og Petter f.1856 hadde nota som felleseige - bomullsnot. Det var ei lita not, omlag 40-50 m lang og 5-6 m djup, og vart helst brukt til kasting på småsei og fisk langs land. Det var ikkje vanleg å kaste på sild. Fast kasteplass var på «Kastet» sør for naustet i Karlagarden, men også på ein stad ved yste Nautvik som Steffen kalla «Banken». Det var Steffen som fungerte som «notbas». I Åsebøgarden i Nautvik kosta Rasmus A. Aasebø f. 1872 seg seinot. Den var laga av sildegarn og var såleis lettvint å bruke. Truleg måtte eigaren få hjelp frå grannane i Nautvik og på Kornberg når det skulle kastast. Det var kasting på småsei og «mort» nota vart brukt til. Til fellesbruk hadde Kornberg og Nautvik tidlegare òg ei søkkjenot. Sjå fotografimodell av søkkjenot som vi har fått frå Austefjord Museumslag.

Fiske og fangst

Det måtte vere 4 båtar for å operere nota. Nota art brukt til å fangste på småsei og «fludakomb» på Kornbergsflud.aJon Kornberg fortel at dei kunne få opptil ein færingslast i kvart «kast». Han fortel at han sjølv ikkje var med på slikt fiske, men derimot hadde eldste broren, Petter, fått vore med sin bestefar, gamle-Petter på søkkjenot-fiske etter småsei, og han hadde fortalt om dette. Når nota var hala opp i sjøflata hadde Kornberg-Steffå ein metode for å roe fisken. Han bløgga nokre seiar og hivde dei inn i nota. Fiskeblodet gjorde då at seien vart rolegare.I boka Cronologie av Ole O. Reite fortel han om søkkjenot fangst på Kornbergsfluda i juni 1882, der folk frå Folkestad i 3 døgn hadde fangsta sei og då fått 4910 seiar. Det er tydeleg at slikt fiske vart drive også av folk utanfrå, og ikkje berre av brukarane på Kornberg og i Nautvik. Det er fortalt at der var ei lita kastenot i indre Nautvik (LissjeNautvika), men det er ingen som kan seie noko meir om denne. Anders B. Nautvik (f.1919) dreiv med kilenot ei tid både ved Nautvikneset og ved Indre-neset og ved ein plass nord for naustet i Steffagarden som var kalla Seideberget og han brukte nota også ved Rysteneset.

Notbåtar på Kornberg

Jon Kornberg meiner dei brukte ein færing som notbåt, men på Kornberg var også ein 3-røring (kyrkjebåten) og naustet til denne båten stod på nordsida av naustet i Karlagarden. På same plassen bygde Jon seg nytt naust seinare. Etter det som er fortalt, vart båten seld til Jøsok notlag (Gurskøy) i 1946 (eller mellom 1941 og 1944). Herifrå kjøpte Jetmund Voldnes båten i 1975. Han tok kontakt med Herøy Kystmuseum som hadde sagt seg interessert i å overta båten. Dei henta båten på Voldnes i 1980. Han er såleis i Herøy Kystmuseum si eige, og står no i eit naust i Steinsvik i Herøy.


Kjelder og informantar

Lokale informantar for Notbruk i Dalsfjord

  • Jakob Koppen
  • Olav H. Velsvik
  • Robert Welsvik
  • John Thorvik
  • Jon J. Kornberg
  • Sverre Kvangarsnes
  • Ivar A. Sætre
  • Andè Sætre
  • Solfrid Nautvik
  • Asbjørn Åsebø
  • Ola S. Løvik
  • Lauritz S. Løvik
  • Lars K. Løvik
  • Ola K. Hjelle
  • Arvid Rossetvik
  • Annfred Lillenes
  • Einar Furnes
  • Bjarne Myklebust
  • Olav Dalebø
  • Jarle Dalebø
  • Harald Mårstøl
  • Jostein Mårstøl
  • Norvald Mårstøl
  • Åsta Mårstøl
  • Arvid Eidså
  • Rolf Eidheim,
  • Arne Eidset
  • Harald Eidset
  • Jon M Steinsvik
  • Hans J. Steinsvik
  • Svein Øverberg
  • Bjarne Drivdal
  • Nils Jakob Drivdal


Ekset, Møre og Romsdal - Riksantikvaren-T314 01 0069.jpg Kornberg og Nautvik (Søkkjenot) – Notbruk i Dalsfjorden (Volda) er ein del av prosjektet Kulturminneregistrering i Volda og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn.
Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida.