Kornstad kyrkje
Kornstad kyrkje er ei langkyrkje i tømmer frå 1871 på Averøya. Ho er soknekyrkje i Kornstad sokn, som tidlegare var annekssokn i Kvernes prestegjeld.
| Kornstad kyrkje | |
|---|---|
Foto: Aldebaran (2008).
| |
| Stad: | Kornstad på Averøya |
| Byggeår: | 1871 |
| Kyrkjegard: | Kornstad kyrkjegard |
| Kyrkjesamfunn: | Den norske kyrkje |
| Bispedøme: | Møre |
| Prosti: | Ytre Nordmøre |
| Prestegjeld: | Kvernes |
| Fellesråd: | Averøy |
| Sokn: | Kornstad |
| Arkitekt: | Jacob Wilhelm Nordan |
| Materiale: | tømmer |
| Sitteplassar: | 340 |
Ho vart bygd etter teikningar av Jacob Wilhelm Nordan av byggmeister Gustav O. Olsen frå Trondheim. Kostnadsramma var 3750 speciedalar. Kyrkja vart tømra i Steinkjer. Delane vart så nummerert og frakta til Kornstad, der dei vart sett saman. Den fyrste gudstenesta vart halde den 3. september 1871.
Kornstad stavkyrkje frå 1300-talet vart rive i 1871 då nykyrkja vart reist.