Kornstaur

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
«Kornstaur i måneskin».
Foto: Theodor Kittelsen (1900).
Kornstaurar blir òg bruka i andre deler av verda. Her ser vi ris som blir tørka på kornstaur i Kurihara i Japan.
Foto: Kinori

Ein kornstaur er ein staur som er spiss både øvst og nedst og som oftast har ein utståande kvistende eit stykke over bakkenivå. Kornstaurane blir tradisjonelt oppsette under skurdonna til å tre kornbanda over når ein skjer kornet med sigd, skjøru, ljå, slåmaskin eller sjølvbindar, så banda kan tørke før dei blir inntekne på låven til tresking.

Nordmøre blir kornstaurar normalt tillaga av eine, og stundom blir kornstaurane derfor rett og slett kalla ein(e)staur. Særleg forseggjorte kornstaurar har nokre gonger vorte forsynte med bumerke, signatur eller årstal.

Kjelder og lenkjer