Kristine Lovise Furset

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Kristine (Lovise) Furset (fødd 5. august 1908 i Breim, død 19. juli 2014) var ei småbrukarkone på StrandaSunnmøre.

Ho var dotter av Rasmus og Regine Hagebakk, og den eldste av fem sysken. Familien flytta rundt 1923 frå Breim til Stranda, og her gifte Kristine seg som nittenåring med Manfred Furset på grannegarden. Dei fekk tre born.

Sidan mannen var mykje bort på arbeid, var det Kristine som hadde hovudansvaret for bruket og heimen. Ho fekk diplom frå meieriet for framifrå mjølkestell. Ho vart enkje i 1989 og budde etterpå i lag med sonen og svigerdottera, som overtok småbruket. Då ho var nærare 100 år, flytta ho til omsorgssenteret på Stranda.

Kristine Furset vart nesten 106 år gammal.

Kjelder og litteratur


Tree.ring.arp.jpg På Lokalhistoriewiki skriver vi artikler om hundreåringer. Vi oppfordrer historielag og enkeltpersoner til å bli med på denne dugnaden. Vi ønsker både bilder og tekst om personene.
Flere artikler og bilder finner du i denne alfabetiske oversikten.