Kuløya

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
For øya og matrikkelgarden Kuli, nokre gonger kalla Kuløy, i Smøla kommuneNordmøre, sjå Kuli.

Kuløya er ein holme rett nordvest for Værøya i Roan kommune i Fosen. Holmen er flatvoren og ligg blant fleire andre holmar, der dei største er Nørdstøya i aust, Langholmen i sør og Torkelholmen i vest. Landskapstypen er klassifisert som «annan type kyst/havstrand» (G98). Området, som særleg består av kystlynghei, men som og har ein del tangvollar og berggrunn så vel som ein del næringsrike tjørner, er eit viktig hekkeområde for mange sjøfuglartar, inkludert raudlisteartane nordleg sildemåse, teist og smålom. Artsmangfaldet gjer at holmen og naboområdet blir tillagt nasjonal verdi.

Kjelder