Kvam kyrkje (Nord-Fron)
Kvam kyrkje (Nord-Fron) | |
---|---|
Foto: Anders Einar Hilden (2007).
| |
Stad: | Kvam |
Byggeår: | 1952 |
Arkitekt: | Magnus Poulsson |
Materiale: | Tre |
Sitteplassar: | 450 |
Den noverande Kvam kyrkje er ei korskyrkje på Kvam i Nord-Fron kommune i Gudbrandsdalen. Ho vart bygd i 1952. Arkitekt var Magnus Poulsson, og Arve Hagen stod for utsmykkinga. Byggverket er i tre og har 450 sitjeplassar. Kyrkja har kyrkjegard med ein minnelund over britiske soldatar som omkom i trefningane her i 1940.
Her frå Herrens eige hus, reist på ny or brann og grus, helsar klokkeklangen kyrkjefolk på vangen. Veit du ikkje mål og med, her er livsens von og fred. Her finst sjelehelse. Her finst trøyst og frelse. | ||
– Einar Hovdhaugen og N. Ringdal. Inskripsjon på kyrkjeklokkene [1] |
Dei gamle kyrkjene
I tidlegare tider gjekk kvamværar til ei stavkyrkje på garden Vik, men i 1775 gav kongen løyve til å byggje ei ny kyrkje på Røssumvollen.[1] Den nye kyrkja, bygd i 1776, var ei korskyrkje i tømmer med plass til 300 personar. Denne kyrkja vart øydelagt fredag den 26. april 1940[1] under kampane mellom tyske og britiske soldatar. Kyrkja og eit hundretals hus vart skotne i brann. Det einaste som er att etter den gamle kyrkja, er ei lita kyrkjeklokke, spiret og ei dør. Oppbygging av ny kyrkje på same staden tok til i 1945,[1] men det skulle ta 12 år føre dei kunne høyre kyrkjeklokkene ringe på Kvam att.
Lenkjer
Referanser
Denne artikkelen er helt eller delvis basert på artikkelen «Kvam kirke (Nord-Fron)» fra Wikipedia på bokmål og riksmål og kan kopieres, distribueres og/eller endres slik det er angitt i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For en liste over bidragsytere til den opprinnelige artikkelen, se endringshistorikk knyttet til den opprinnelige artikkelen. For en liste over bidragsytere til denne versjonen, se endringshistorikk knyttet til denne siden. Artikkelen bør gjennomgås med tanke på tilpasninger til lokalhistoriewiki.no. Se Hjelp:Forskjeller fra Wikipedia for mer informasjon. |