Kvamsøya (Sande)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Kvamsøya er ei øy i Sande kommune (Møre og Romsdal). Øya har namn etter matrikkelgarden Kvame (gardsnummer 54), som ligg lengst vest på sørsida av øya. I tillegg ligg gardane Støylen (gnr. 55), Myra (gnr. 56), Hatlebrekke (gnr. 57), Simonnes (gnr. 58), Bringsinghaug (gnr. 59), Kalsnes (gnr. 60) og Ristesund (gnr. 61) på øya.

Det er mange øyer rundt Kvamsøya. På sørsida er dei største Haugsholmen, Frekøya og Storholmen på sørsida, og Riste mot nordvest.

Forhistorisk tid

Kvamsøya ligg sentralt i skipsleia rett nord for Stad og ved inngangen til Rovdefjorden. Her har det nok vore sjøverts ferdsel lagt attende i tid, og busetting attende til eldre steinalder. I samband med utgravingar på Røysanes ved Simonnes på 1950-talet, under leiing av arkeologen Erik Hinsch, vart det påvist spor etter buplassar attende både til eldre og yngre steinalder. Røysanes er eit av dei største gravfelta på Sunnmøre, og funn og form på gravrøysene viser at området har vore brukt til gravleggingar også i yngre og eldre jernalder, men kanskje òg i bronsealderen. På Flatebakken, eit område litt vest for Ristesund, fann Hinsch òg spor etter fleire åkrar pløygd på slutten av bronsealderen. Kulturlaget var opptil ein meter tjukt og inneheld fleire åkerlag oppå kvarandre, noko som tyder på at området hadde vore ute av drift i periodar, for så å bli teke opp att.[1]

Det er òg gjort funn av flint- og steinøkser frå yngre steinalder på Storholmen og på gardane Kvame, Myra (4 økser), Hatlebrekke (15 økser) og Risesund (2 økser). På Hatlebrekke er det òg funne tufter etter større huskonstruksjonar frå yngre steinalder.[2]

Mellomalderen

Det ser ut til at det berre er Bringsinghaug av gardane på Kvamsøya som er dokumentert i skrift i mellomalderen, i Aslak Bolts jordebok frå 1430-åra (da skrive «Brymsingahaugh».[3] Men dei fleste gardane var nok i drift gjennom mellomalderen, for i 1520 var dei i alle fall brukar på sju av dei.[4]

Referanser

  1. Indrelid 1984 s. 45f.
  2. Indrelid 1984 s. 32ff.
  3. Norske Gaardnavne bd. 13 s. 25.
  4. Rabben s. 247.

Litteratur

Koordinater: 62.2100° N 5.3869° Ø