Kvann

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kvann
Skjermplantefamilien
27156 Angelica archangelica.jpg
Fyrsteårsvekst av fjellkvann på Saltfjellet. Foto: Olve Utne (2012)
av 228 5x5 km-ruter
av 4680 km-ruter
av 445009 0,1 km-ruter
Kvann på eit tun på Norsk Folkemuseum. Somme stader på Vestlandet vart kvann dyrka på tuna inn i nyare tid.
Foto: Olve Utne (2008).

Kvann (latin Angelica archangelica) er ei toårig plante som veks i dei nordlege delane av Noreg, Sverige, Finland, Færøyane og Island. Det fyrste året har planta berre blad, og i det andre året får ho ei stamme som kan bli opp mot to meter høg. Planta har vorte nytta som krydder, urt og grønsak samt i folkemedisin. Kvannen er ei sentral plante i samisk historie og kultur.

I Gulatingslova nemnest kvanngardar, og planta er også nemnd i kongesogene. På Voss og nokre andre stader på Vestlandet har ein inntil nyare tid hatt kvanngardar på tunet. Stengel og bladskaft er gode som grønsaker og blir gjerne etne rå. Unge frukter og småblad er rike på C-vitamin, og ein finn også ein del C-vitamin i stilkane. Dette kan ha vore viktig for å førebyggje skjørbuk der ein har hatt lite C-vitamin elles i kosten, særleg i arktiske område. I folkemedisinen vart planta nytta mot forstopping og hemorroidar, som nerveroande middel og som vassdrivande middel.

Rota har vorte nytta som tobakkserstatning, medan fruktene har vorte nytta som krydder mellom anna i brennevin og likør.

Det finst tre hovudvariantar av planta:

  • Fjellkvann, Angelica archangelica ssp. archangelica
  • Vossakvann, Angelica archangelica ssp. archangelica var. majorum
  • Strandkvann, Angelica archangelica ssp. litoralis

Galleri

Fjellkvann

Vossakvann

Kjelder