Kyrkjelii 3 (Bykle)
Kyrkjelii 3 | |
---|---|
Huset til Konrad og Sladjana Byklum pr 30.4.2006. Foto: Aanund Olsnes
| |
Rydda: | 2000 |
Utskilt: | 2000 |
Stad: | Bykle (Kyrkjebygdi) |
Sokn: | Bykle |
Fylke: | Agder |
Kommune: | Bykle |
Gnr.: | 14 |
Bnr: | 65 |
Type: | Bustadeigedom |
Adresse: | Kyrkjelii 3 |
Kyrkjelii 3 ligg på den delen av byggjefeltet Kyrkjelii som gjekk ut ifrå Nystog, gnr 13, bnr 10, i 1994, men har likevel fått bruksnummer under Byklum, truleg avdi grannetomtene høyrde under denne garden.
Konrad Johan Byklum frå Nystog kaupte denne tomta attende av kommunen i 2000, og flutte inn i nytt hus her året etter. Konrad er son åt Olav K. Byklum og kona, Gunnhild, fødd Hanssen. Han har tenestegjort mykje i militære styrkar i FN og NATO. Det var under FN-teneste i Bosnia han fann seg kone frå Kroatia.
- Konrad Johan Byklum, f 1969
- g 1995 m Sladjana Duranoviç, f 1974. Born:
- Tatjana, f 1996
- Elisabeth, f 1999
Sladjana er dotter åt Mitar og Ruzica Duranoviç. Ho er fødd i Zagreb i Kroatia, men vaks opp i Tuzla i Bosnia, der mor hennes, som er enke, framleis bur (2006).
I yrkeslivet er Konrad driftsarbeidar ved Hovden Skisenter, medan Sladjana er resepsjonssjef.
Kyrkjelii 3 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no. Sjå også: Forside • Føreord • Innleiiing • Litteratur og kjelder |