Lauvvikstølane (Ustaoset)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinater: 60°29′24″ N 7°56′42″ Ø


Lauvvikstølane.
Foto: Gro Vindegg (2011).

Lauvvikstølane ligg på Ustaoset, Hol kommune, på austsida av Lauvvikfjellet i den sørvestre enden av Ustevatnet. Stølane har vore eigd av mange forskjellige gardar opp gjennom åra. I 1783 var han i eiget til Gaute Gunvaldson søre Tufto (1721-1801), Ustedalen, som dette året selde han til Eirik Knutson søre Foss (1741-1817), Lio. Eirik selde i 1791 vidare til Henrik Sveinson Givsjord, Kvisla, som igjen selde til Sander Larson nordre Slettemoen (1763-1822), Moen, i 1801. Henrik beheldt retten til å ha dyra sine i Lauvviki om det skulle verte turt ved heimstølen.

Sander hadde gifta seg til nordre Slettemoen i 1792. Då var det 16 år gamle Gunvor Tolleivsdotter Slettemoen (1775-1859) som eigde garden. Som enke kom Gunvor i strid med stølsnaboane om rettane i mellom anna Lauvviki. I 1826 stemnde ho Elling Knutson nordre Bekkestad for forlikskommisjonen for å ha tatt never i skogen, slåttegras på Digernesøya og for å ha fiska i Usta, som Gunvor eigde rettar til. Det enda med at Elling, som hadde kjøpt halvparten av Lauvvikstølen seks år tidlegare, måtte slutte med å hauste og fiske der. Mellom 1814 og 1820 hadde denne andre halvdelen av stølen høyrt til bruket Uren (6/7), som var skilt ut frå nordre Slettemoen. Same året som det vart forlik mellom Gunvor og Elling, vart grensene mellom fleire av stølane i området sør for Usta fastsett.

Frå 1914 var det dei ugifte systrene Ågot (1877-1956) og Birgit (1880-1963) Guttormsdotter som eigde nordre Slettemoen og stølane. Dei leigde ut Lauvviki til mellom andre Olav Gullstein. Ei tid leigde dei også ut garden. Systersonen deira, Guttorm Knutson (f. 1906), overtok garden i 1958. Han leigde ut jakt- og fiskerettane som låg til stølen.

Sjå også

Kjelder

  • Reinton, Lars og Sigurd: Folk og fortid i Hol. I kommisjon hos Grøndahl, 1938-1982. Bind 3 om nordre Slettemoen og Uren, bind 7 om søre Tufto og bind 6 om Givsjord og søre Foss.