Lauvås (Sandnes gnr. 97/11)
| Lauvås | |
|---|---|
| Fylke: | Rogaland |
| Kommune: | Sandnes |
| Gnr.: | 97 |
| Bnr: | 11 |
| Type: | gardsbruk |
Lauvås (gnr. 97/11) er ein gard i Sandnes. Den låg før 1965 i Hetland med gnr. 33/11. Gammalt matrikkelnr. 13 og løpenr. 55a. Utskilt fra gnr. 97/7 tinglest 15. juli 1850.
Brukarar
63. Erik Kjelsen,
født 1799, død 1832. Son til Kjel Monsen Lauvås (nr 12).
I 1826 overtok Erik halve farsgarden, den nordre parten av Lauvås. Her budde han bare eit par år og frå 1828 hadde han gard på Tunge i Randaberg der mora kom frå (sjå Randaberg g.o.æ. bind 1, s 320, bruk 4, huslyd 8). Då det blei halde skylddeling på Lauvås i 1827 var Erik sjuk og kunne ikkje møta. Og han levde bare nokre få år etter at han reiste herifrå. Sidan var det den litle sonen hans som eigde denne halvparten av Lauvåsgarden, mens fyrst mora og etterpå ein yngre bror dreiv parten.
Gift med Guri Marta Larsdtr., ho var kanskje frå Åmøy, sidan ein kar derifrå var formyndar for sonen.
Barn:
- Ingeborg Kristina, født 1830
- Erik, født 1831. Han budde på Meling i 1852, då selde han denne halvdelen av Lauvås til dei som brukte jorda, ein gardbrukar og ein husmann.
64. Kari Eriksdtr.,
født 1772, død 1849. Dotter til Erik Eriksen Tunge i Randaberg (sjå Randaberg g.o.æ. bind 1, s 320, bruk 3, huslyd 6).
Ho var gift med Kjel Monsen Lauvås, som var den siste som brukte heile garden på Lauvås åleine (sml nr 12). Etter at han var død i 1826 hadde dei to eldste sønene delt garden i to like partar. Han som fekk den nordre parten, Erik, flytta snart vekk, og han døydde og ganske ung. Mora, Kari, brukte då denne parten frå 1828 til 1840. I folketellinga for 1835 kallest ho forpaktar. Etter at ho var død selde sonesonen garden.
65. Kjel Kjelsen,
født 1811, død 1845. Son til Kjel Monsen Lauvås (nr 12).
Han brukte denne parten etter mora. I kyrkjebøkene kallest han for gardbrukar allerede då han gifta seg i 1838, mens han blir ført frå og med rekneskapsåret 1841 i futen sine kassabøker.
Gift i 1838 med Ester Sigbjørnsdtr., født 1816, død 1907, dotter til Sigbjørn Tolleivsen, husmann på Egrå under Dale (Dale-30). Ho blei andre gong gift med Jonas Thorbjørnsen, fyrst husmann, sidan småbrukar i Galtavigjå under Eltarvåg (Eltarvåg-60 og 104).
Barn:
- Kjel, født 1838, død 1838
- Kristian, født 1840, død 1840
- Sivert Kristian, født 1841
- Karen Jorina, født 1845, død 1845
66. Ola Persen,
født 1818, død 1886. Son til Per Mikalsen, husmann i Vågjen under Hommarsåk (Garden Hommarsåk- 21).
Han brukte den nordre parten av Lauvåsgarden frå 1846. Til å begynna med var han leiglending, men i 1850 fekk han kjøpa gardsbruket sitt av eigaren, Erik Eriksen. Allerede i 1850 overlot han halvdelen av gardsbruket til ein yngre bror. Ola brukte sin part så lenge han levde.
Gift i 1848 med Guri Jonasdtr., f ødt 1819, død 1906, dotter til Jonas Jonsen, husmann fyrst på Vardabergjet under Skadberg, sidan i Åsen under Sande, begge stader ligg i Sola (sjå Sola g.o.æ. s 420, plass 5, huslyd 3, og s 389, plass 1, huslyd 1).
Barn:
- Per, født 1849. Han var lam i føtene, men fekk seg opplæring som dreiar. Sidan dreiv han trevarefabrikken Aase dreieri i Ganddalen (sjå Høyland g.o.æ. s 269, nr 57), gift i 1897 med Karen Thu
- Serina Kristina, født 1851, gift i 1889 med enkjemann Jonas Kristiansen Eltervaag, bonde på Hodl (Eltarvåg-76)
- Jonas, født 1854, død under fiske på Island, ikkje gift
- Serina Kristina, født 1858, død 1858
- Enok Olaus, født 1859, overtok farsgarden (nr 67)
- Ole Gabriel, født 1864, død 1884
67. Enok Olsen Løvaas,
født 1859, død 1940. Son til Ola Persen Lauvås (nr 66).
Enok overtok garden etter faren. I kyrkjebøkene er han ført som "Gaardbrugersønn" då han gifta seg i 1884, men står som "Gaardbruger" då han hadde det fyrste barnet til dåpen i 1885. Etter futen sine kassabøker tok han ikkje over garden før i 1890, og skjøte fekk han fyrst i 1892. Enok hadde sin part av Lauvåsgarden fram til 1930, då overtok sonen. Ei stund eigde han også nabo bruket (bruk 7), men det overlot han til svigersonen i 1910. Enok dyrka mykje frukt som han selde på Torgjå i Stavanger. Ellers dreiv han også som handelsreisande, han farta oppetter Vestlandet med ull- og bomullsstoffer og selde. Han var ein av ledarane i kristenflokken i bygda.
Gift i 1884 med Maren Knutsdtr., født 1859, død 1956, dotter til Knut Sivertsen, husmann i Uskakalven (Uskjo-47).
Barn:
- Gina Maria, født 1885, gift i 1907 med Andreas Hetland (Hetland-71)
- Rakel Regine, født 1886, gift i 1909 med Karl Løvaas (Lauvås-75)
- Ole Johan, født 1888, overtok farsgarden (nr 68)
- Karen Maria, født 1891, død 1909
- Enok Olaus, født 1893, møbelsnekkar, busett i Oslo, gift med Paula Pettersen
- Margit Sofie, født 1895, gift i 1924 med enkjemann Andreas Hetland (Hetland-71)
- Peder Kornelius, født 1899, død 1899
- Peder Kornelius, født 1900, død 1919
- Knut, født 1902, møbelsnekkar, busett på Ganddalen, gift med Sigrid Tinnesen.
68. Ole E. Løvaas,
født 1888, død 1975. Son til Enok Olsen Løvaas (nr 67). Ole overtok farsgarden i 1930.
Gift med Alma Håland, født 1913, dotter til Peder Håland, Varhaug (sjå Hå g.o.æ. bind II Varhaug-Vigrestad, s 251, nr 96).
Barn:
- Marie, født 1934, gift med Finn Solheim Nilsen, røyrleggar, bur i Grimstad
- Ane, født 1936, ekspeditrise
- Enok, født 1938, død 1938
- Enok, født 1939, lærar, bur på Lauvås, gift med Jorunn Vik
- Per, født 1940, bonde på Gya i Eigersund (sjå Folk i bygda-300), gift i 1961 med Ranveig Skretting
- Astrid Olene, født 1942, gift med Oddmar Haugen, smed, bur på Austrått (sjå Folk i bygda-308)
- Olaug, født 1944, gift med Alf Gunnar Tvedt, sveisar, bur i Tananger (sjå Folk i bygda-301)
- Olaf Arne, født 1946, bilmekanikar, bur i Ganddalen, gift med Sigrid Helene Norheim
- Knut, født 1948, elektrikar, bonde på Lauvås, gift med Klara Helland
- Sigve, født 1951. lærar i Forsand, gift i 1984 med Marta Elen Ramsvik
- Turid Solfrid, født 1954, gift med Kristian Knutsen, bur på Sandnes
Litteratur og kjelder
- Smith, Eivind. Riska. Utg. Sandnes kommune. Sandnes. 1993. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Norges bebyggelse. Utg. Norsk faglitteratur. Oslo. 1958. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Jæren sorenskriveri, AV/SAST-A-100310/01/4/41/41ABB/L0001: Panteregister nr. 41 ABB1, 1898, s. 244-245 i Digitalarkivet
- Jæren sorenskriveri, AV/SAST-A-100310/01/4/41/41ABB/L0008: Panteregister nr. 41 ABB8, 1912, s. 51-52 i Digitalarkivet