Leif Løchen
Leif Løchen (fødd 30. mai 1921 i Vågå, daud 14. april 2011 same stad) var utdanna arkitekt, og ein pioner innanfor folkemusikkmiljøet som både utøvar, organisator, innsamlar og lærar.
Liv og virke
I 1946 vart Løchen vald inn i styret for Landslaget for spelemenn (LfS) som sekretær. Han vart igjen valt til styremedlem i 1955, og satt til 1970 med dei siste to åra som formann.
Mellom 1946 og 1948 arbeidde Løchen hjå Norsk Folkemuseum på Bygdøy med bygningar. I løpet av dei to åra han var der la han også ned eit stort arbeid med å registrere og dokumentere instrumenttradisjonane i Noreg, noko som resulterte i ein større utstilling på museet samt fleire artiklar om eldre instrument. I samband med dette sendte han ut ei spørjeliste for Norsk Etnologisk Gransking om folkelege musikkinstrument som resulterte 162 registrerte unike svar frå heile landet.
Etter si tid hjå Norsk Folkemuseum fra 1946 til 1948, reiste han tilbake til Gudbrandsdalen, der han gifta seg med Gunhild Løchen og overtok Valbjør gård i Vågå. Han arbeidde med restaurering av husa på garden, og de var begge aktive i husflidsmiljøa i bygda. Løchen heldt fram med mellom anna registrering av eldre folkemusikkinstrument i nordlege delar av dalen, og var konservator ved Maihaugen i mange år. Løchen spilte fleire instrument, og var særlig opptatt av langeleik og salmodikon.
Utmerkingar
- Heidersmedlem i LfS i 1973 (Seinare FolkOrg)
- Æresmedlem i Norsk lur- og bukkehornlag
- Rff-prisvinnar i 2000
- Kongens fortenestemedalje i gull for sitt arbeid med folkekunst, 2001
- Egil Storbekkens musikkpris i 2007
Publikasjonar
- Løchen, Leif. Fra skorofele til salmodikon. Utg. Nord-Gudbrandsdal folkemusikkarkiv. Dombås. 2000. Digital versjon på Nettbiblioteket.
Kjelder
- Spelemannsbladet. Oslo. 2001. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Folkorg.no: Leif Løchen (1921 - 2011)
- Leif Løchen i Historisk befolkningsregister
