Lesja bygdatun

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Kornmagasinet i 2009.
Foto: Arnfinn Kjelland
Lesja bygdatun er eit friluftsmuseum på Lesja. Det ligg i Lesja sentrum like ved Lesja kyrkje.

Allment

Arbeidet med å få til eit bygdetun i Lesja tok til på vårparten i 1957. Da skulle Lesja kommune selje Hauje, der det hadde vore gamleheim. Ola Skotte og Per R. Einbu skreiv da til heradsstyret og bad om at tre hus: kornmagasinet, ei tørkestugu og ei bekkjekvern vart teke unna salet og brukt som start på eit bygdatun. Heradsstyret innvilga søknaden, løyvde samstundes kr 5000 til flytting av magasinet og gav fri tomt til bygdatunet. På eit møte hos Per R. Einbu 13. februar 1958 vart så Lesja heimbygdslag stifta, med arbeidet for bygdatunet som hovudoppgåve.

Heimbygdslaget bad om hjelp frå Maihaugen til å planlegge plasseringa av husa. «Vi kontakta Maihaugen og G. Norman var oppe her og såg på tomta, men noko plan fekk vi ikkje så vi måtte gjera det etter vårt eige 'hugu'» skriv Ola Skotte om denne fasen. I 1963 kom det første huset, Ulateigstugu på plass, og i 1967 dei tre husa frå Hauje. Bekkjekverna var så dårleg at det ikkje var nokon vits i å sette ho opp, men laget fekk ein anna frå Runningen.

Etter kvart er det kome ein god del fleire hus på bygdatunet, som har stor aktivitet mest dagleg kvar sommar.

Galleri

Litteratur

Heimeside

Om bygdatunet på gudbrandsdalsmusea.no

Koordinater: 62.1136° N 8.8522° Ø