Lesja og Dovre historielag
Hopp til navigering
Hopp til søk
Lesja og Dovre historielag vart stifta ca. 1929 og arbeidde i alle fall på 1930-talet med innsamling og avskriving av kjeldemateriale. Fleire kladdebøker med kjeldeavskrifter utført av Per Berg er merka med Lesja og Dovre historielag.
Det er ikkje kjent verksemd i laget etter andre verdskrigen, og i 1958 vart så Lesja heimbygdslag stifta, med etableringa av Lesja bygdatun som hovudoppgåve.
Kjelder
- Halvard Bjørkvik (red.) 1970: Lokal historie i forskning og kulturarbeid gjennom 200 år. Landslaget for bygde- og byhistorie 50 år 6.juli 1970 side 209.
- Arnfinn Kjelland: Eige kjennskap til Lesja bygdebokarkiv.