Per Berg (1886–1974)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Per Berg i kjend positur; i arbeid med kjelder, ca. 1933.
Foto: Ukjend

Per Berg (fødd 4. november 1886 på Steinbakken, ein tidlegare plass under Systugu Stavem i Lesja, død 1974) var lærar og underoffiser. Per Berg var fyrst lærar ved framhaldsskulen i Vågå til 1922, flytte så til Hamar der han var lærar og til sist overlærar ved Hamar folkeskole (Midtbyen skole). Berg var sersjant ved Nord-Norges og Nordenfjellske ingeniørbataljonar 1911-18 og furér 1918-30. Han søkte avskil frå militærtenesta ved overgangen til den nye hærskipnaden i 1930.

Berg vaks opp på Lesja som son av Ole Hansen Berg, som òg var lærar, og Kari Pedersdtr. f. Bjorli. Berg tok eksamen ved Ingeniørvåpenets underoffisersskule i 1909 og lærarskuleeksamen på Elverum i 1914. I vaksen alder, i 1922, tok han artium ved reallinja.

Per Berg samla og skreiv av lokalhistoriske kjelder i stort omfang, frå mange bygder i Gudbrandsdalen. Mykje av det som gjeld Lesja danna grunnlaget for Bygdebok for Lesja og kan nå finast igjen i bygdebokarkivet. Han skreiv òg slektshistoriske artiklar m.a. i Årbok for Gudbrandsdalen (Dølaringen) og Norsk Slektshistorisk Tidsskrift.

Berg vart gift med Sigrid Gaalaas frå Furnes utafor Hamar. Dei fekk tre søner: Ola f. 1928, Nils Gaalaas (1931–2021) og Per Sigmund f. 1939.

Kjelder og litteratur