Lesjaskog idrettslag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Lesjaskog idrettslag vart stifta 19. januar 1925. Stiftingsmøtet vart halde i kaffesalen på Samhold. Dei første åra var det langrenn som var viktigaste idrettsgreina, men snart kom òg fotballen i gang og frå 1939 også alpint med det seinare så godt kjente Skriurennet, med status som landsrenn.

I perioden 23. februar 1941 til 17. juni 1945 var all aktivitet i laget innstilt.

Samanslåingar

Det har vore fleire mindre idrettslag på Lesjaskogen. Vi kjenner i alle fall desse:

Grupper / underavdelingar

Langrenn

Har vore ein sentral del av aktiviteten heilt sidan laget vart starta

Fotball

Formelt sett var Lesjaskog Fotbal-lag eige lag fram til samanslåinga i 1945, men det var i stor grad dei same personane som representerte idrettslaget om vinteren og spelte fotball om sommaren, så Ola Mølmen sen. meinte ved 50-årsjubileet at det like godt kunne reknast å vere eitt lag.

Alpint

Alpinaktivitetane starta i 1939 med det første Skriurennet. Seinare har laget arrangert noregsmesiterskap, europacup- og FIS-renn.

Hopp

Alt før laget vart stifta var det hopprenn i Tobbedalsbakken ved Einbu. Den bakken kunne ikkje brukaste etter at tunet på Voll vart bygd opp på flata nedafor. Laget bygde derfor to bakkar i Stordalen (i «Ordnan») ovanfor Kvam. Seinare vart Ensrudbakken (for gutar opp til ___ alder) bygd ved Enstadgardane.

Friidrett

Laget dreiv tidleg med friidrett, men her var mangelen på anlegg eit problem, så i 1956 vart friidrettsgruppa nedlagt. Men prøvene til idrettsmerket heldt fram langt opp mot våre dagar. I 1959 fekk laget diplom frå Norges friidrettsforbund for flest idrettsmerketakarar i høve talet på medlemer.

Handball

Orientering

Allidrett

Større arrangement

  • NM alpint 1992
  • NM alpint 1995

Anlegg

  • Kvamsbakken (hopp)
  • Ensrudbakken (hopp)
  • Skriuløypa (alpint) frå 1939
  • Fotballbane ved Lesjaskog skule, bygd i 19__
  • Lysløypa (langrenn) ved Lesjaskog skule, bygd i 19__
  • Samarbeid med eigarane av alpinanlegget på Bjorli om lysløype og fjellheis kring 1990

Kjelde

  • Kjelland, Arnfinn: Eigne erfaringar som leiar av friidrettsgruppa sist på 1980-talet og medlem av hovudkomiteen til alpin-NM 1992 med ansvar for resultatservicen.
  • Mølmen, Ola sen. 1975: Lesjaskog idrettslag. Beretning i forbindelse med 50-års jubilèet. Utrykt manus, 4 sider.
  • Mølmen, Pål 1996: Ski og skibruk på Lesjaskog fram til 1940. I årsskrift for Lesja historielag s. 103-127. Opphavleg semesteroppgåve ved Volda lærarhøgskule.
  • Ranheim, Erling 1955: Norske skiløpere. Skihistorisk oppslagsverk. Bind 1 Østlandet Nord. Skiforlaget, Oslo s. 239f..