Skriurennet

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kampen og Nørdre høe. Nørdre høe til høgre. Traseen frå toppen, nedover den brattaste fjellsida, ned i skogen, der ein kan sjå løpetraseen nedover til setra som ligg i overgangen mellom bjørkeskog og furuskog.
Foto: Hans Enstad (2020)

Skriurennet var namnet på eit alpint storslalåmrenn som vart arrangert på Lesjaskog frå 1939 til 1967.

Rennet starta som eit uformelt skirenn midt på 1930-talet, for gjester på Mølmen hotell og ungdom frå bygda.

Ola O. Mølmen var hotelleigar og hadde idéen til rennet. Lesjaskog idrettslag stod som arrangør heile tida. Rennet vart arrangert på vestsida av Lesjaskog sentrum, frå like oppunder toppen av Nørdre høe (1368 moh.) og nedover lia til Grønvesetra (750 moh.), ein høgdeforskjell på 550m. Løypelengda var 2 km. Den første kilometeren i bratt og slett snaufjell. Den andre i noko slakkare, men meir kupert terreng i uthogd trasé i bjørkeskogen nedover mot målområdet ved Grønvesetra. Løypa vart lagt i svingar i den øvste delen, slik at ein kunne avpasse farten etter føreforholda. Dei raskaste deltakarane gjennomførte konkurransen på ca. to minutt. Gjennomsnittsfarten var da rundt 60 km/t.

Deltakarane måtte gå på ski frå Lesjaskog sentrum og til topps. Først to kilometer til Grønvesetra, så vidare dei neste to kilometrane til startområdet. Dette vart ein tur på rundt fire kilometer med høgdeforskjell på 700 meter. I finvêr var dette ein tur som deltakarane sette pris på, ikkje minst på grunn av den fine utsikta over bygda og mot spisse sunnmørs- og romsdalsfjell i vest og nord og rundare former mot innlandsfjella i aust.

Påskelaurdag var fast renndag kvart år. Skriurennet hadde status som landsrenn og hadde fyldige deltakarlister og store tilskodarmengder frå fjern og nær. "Alle" skulle på Skriurennet. For deltakarane var den alvorlegaste konkurransesesongen over, og for publikum var ein lang vinter på hell. Skriurennet vart ein tradisjonsrik vårfest, av og til med så mange som tusen menneske til stades.

Løypepreparering etter tidas krav måtte gjerast, og to dagar i påskeveka vart avsett til dette arbeidet. Sidan snøen gjerne var 70-80 cm djup, måtte løypetrakkinga naturlegvis gjerast med ski på føtene. Alle frammøtte vart plasserte ved sida av kvarandre i fem til ti meters breidde med jamne mellomrom oppover. Første dagen vart det trakka opp til skoggrensa, rundt halve løypelengda. Andre dagen, helst langfredag, dagen før rennet, vart det trakka vidare mot toppen. Samtidig måtte det hoggast staur for portmarkering.

Eit stort arrangørkorps måtte til. Her kan ein t.d. nemne startarar, tidtakarar, portvakter, tavleskrivarar, billettørar, førstehjelpsmannskap. Mykje førebuingsarbeid måtte gjerast.

Tidtakinga var det aller viktigaste. Fram til rennet i 1950 vart det brukt flaggstart der ein var avhengig av fri sikt mellom start og mål. Deretter kom det telefon- og seinare radiosamband.

1967 vart altså det siste året for det tradisjonelle Skriurennet i Nørdre høe. Grunnen var at rennet vart flytta til motsett side av Lesjaskog sentrum, til Liagardane og Liahovdan, der det var planlagt ei større skisenterutbygging. Der vart rennet arrangert i 1968, men avlyst i 1969.

I 1970 var den store turistsenterutviklinga til Arne BarmanBjorli i full gang. Skitrekk og maskinpreparerte løyper var på plass. Lesjaskog idrettslag flytta Skriurennet dit, og der vart det arrangert under same namn, men med forskjellig status til litt ut på 2000-talet.

Det var mange grunnar til at det vart slutt på det opphavlege Skriurennet på Lesjaskog, men den viktigaste var nok at utviklinga i alpinsporten hadde ført til store endringar på mange område, med store krav spesielt til løypetraséar og preparering. Og så kom skitrekka. Kven ville gå kilometervis på føtene, hundrevis av høgdemeter, når ein kunne stå avslappa i ro og koma utkvilt til toppen?

Da det vart kjent at Lesjaskog idrettslag ikkje skulle arrangere Skriurennet på same dag og stad lenger, var dette oppropet å finne i Gudbrandsdølen/Lillehammer Tilskuer, underteikna av "Nuffe" på vegner av deltakarane. Her står det blant anna:

dette må ikke skje! Skriurennet er en opplevelse som bare de som har vært til stede på Lesjaskog påskeaften kan sette seg inn i. Jeg vil gå så langt som å si at det er en av hoved-attraksjonene i alpinistenes sesongprogram. Nettopp dette å få kjøre et fartsfylt renn i over to kilometers lengde i ypperlig løype og i fint påskevær, står for en alpinist som noe henimot ønskedrømmen.

Kan Skriurennet vekkjast til live att for skiløparar med randonnéutstyr? Start ved Grønvesetra, opp til Nørdre høe og ned att til setra på kortast muleg tid?

Kjelder og litteratur


Koordinater: 62.2143445° N 8.3331444° Ø