Li (Sandnes gnr. 110/1)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Li
Stad: Li
Fylke: Rogaland
Kommune: Sandnes
Gnr.: 110
Bnr: 1
Type: gardsbruk

Li er ein gard (gnr. 110/1) i Sandnes. Den låg før 1965 i Hetland med gnr. 46/1. Gammalt matrikkelnr. 26 og løpenr. 94a.

Brukarar

38. Per Thorsen, f. 1810, d. 1900. Son til Tore Sjursen Li (nr 26).

Familien hadde budd på Li i fleire generasjonar som leiglendingar under bispestolen, Per var den fyrste sjølveigaren, han fekk kongeleg skjøte på farsgarden i 1835. Same året selde han ein tredjepart, men resten brukte han i eit langt liv. Ifylgje futen sine kassabøker var han gardbrukar til og med året 1894. Per hadde notbruk for heimefiske i lag med naboane sine. Han dreiv og med sildesalting for eiga rekning, både i Stavanger og på Kinn i Sunnfjord, og så eigde han ein part i sluppen "Union" som han reiste i kystfart med. Ellers var han kommune mann i ein heil mannsalder, ei tid fungerte han og som ordførar (sjå "Træk av Hetlands historie 1814-1914, s 172). Heime på Li hadde GamlePer folk i arbeid, dei dreiv med opptak og dyrka nokre teigar for han. Andre folk på Li tykte helst han gjorde vel mykje av seg (ifylgje Kåre Skjørestad).

G.m. 1836 Ingeborg Maria Svensdtr., f. 1818, d. 1886, dotter til Sven Olsen Meling på Åmøy. Faren hans igjen var Ola Knutsen Hommarsåk som hadde gard på Li ei stund tidleg på 1700 -talet (sml. Li-28 og Garden Hommarsåk-7).

Barn:

  1. Maren Sofia, f. 1846, g.m. 1891 Iver Andreassen, som overtok gardsbruket (nr 39).

39. Iver Andreassen, f. 1855, d. 1937. Son til Andreas Eriksen Li (nr 74).

Iver var fyrst til sjøs, sidan kallest han arbeidsmann. Maren hadde fått skjøte på garden i 1889, men fyrst frå 1895 blir Iver ført som gardbrukar i futen sine kassabøker. Allerede i 1908 selde Iver gardsbruket til ein svoger av seg, men han tok av eit stykke der han sidan budde (sjå vidare nr 47).

G.m. 1891 Maren Persdtr., f. 1846, d. 1930, dotter til Per Thorsen Li (nr 38).

Barn:

  1. Ingeborg Maria, f. 1886, d. 1886.

40. Tobias Torsen Skjørestad, f. 1855, d.

1944. Son til Thore Olsen Skjørestad (Skjørestad-43).

Tobias hadde fyrst farsgarden på Skjørestad i 30 år (Skjørestad-44). Den overlot han til den eldste sonen i 1908, mens han sjølv kjøpte seg dette gardsbruket på Li. Det var den andre sonen sin han tenkte på då han kjøpte gard her på Li, og sonen fekk og overta etter omlag eit år. Tobias tok då av eit stykke til seg nede med sjøen (sjå vidare nr 45).

G.m. 1878 Inger Andreasdtr., f. 1852, d. 1927, dotter til Andreas Eriksen Li (nr 74).

Barn:#Thorvald Olaus, f. 1878, bonde på Skjørestad (Skjørestad-45), g.m. 1905 Berta Kristine Jødestad Maren Bertine, f. 1880, g.m. 1904 enkjemann Kristian O. Dahle, hadde gard på Dale (Dale-42), sidan på Tjensvoll i Hetland og på Trones i Høyland

  1. Andreas, f. 1882, overtok gardsbruket på Li (nr 41)
  2. Alette, f. 1884, d. 1886
  3. Tore, f. 1885, billedhoggar ved domkyrkja i Trondheim
  4. Alette, f. 1887, d. 1889
  5. Alette, f. 1889, g.m. 1921 enkjemann Ole G. Usken, bonde på Riska, båtførar (Riska-58)
  6. Ingvald, f. 1891, d. 1892
  7. Ingrid, f. 1894, d. 1900.

41. Andreas T. Skjørestad, f. 1882. Son til Tobias Torsen Skjørestad (Li-40). Ca 1910 overtok han gardsbruket og hadde det til 1947, men dei siste åra forpakta han det vekk.

G.m. 1910 Ingeborg Tjøstheim, f. 1888, d. 1925, dotter til Jakob Endresen Tjøstheim i Strand.

Barn:

  1. Thor, f. 1911, forpakta garden nokre år (nr 42)
  2. Ingfrid, f. 1913, g.m. 1945 Torleif Li, over tok forpaktinga etter svogeren (nr 43)
  3. Brita, f. 1915, g.m. Erling Sandsmark, optikar, budde ei stund på Li, sidan i Stavanger
  4. Jakob, f. 1917, støyperimeister i Tvedestrand, g.m. 1) Ingy Høye, 2) Mathile (frå Steinkjer)
  5. Kåre, f. 1920, overtok garden (nr 44)

42. Thor Skjørestad, f. 1911, d. 1981. Son til Andreas T. Skjørestad (Li-41).

Thor forpakta garden av faren fram til 1945, sidan var han skipstømmermann og ei tid båtbyggar. Etter at han slutta med gardsdrift fort satte han å bu her nokre år, men så overtok han det stykket som farfaren hadde hatt nede med sjøen (nr 46).

G.m. 1939 Margot Ingebretsen, f. 1909, d. 1983, dotter til Alfred Ingebretsen, Haugesund.

Barn:

  1. Marit, f. 1946

43. Torleif Li, f. 1919, d. 1983. Son til Andreas Li (nr 78).

Torleif forpakta garden 1945-1947. Sidan var han tømmermann og budde på Li (Folk i bygda-618).

G.m. 1945 Ingfrid Skjørestad, f. 1913, dotter til Andreas T. Skjørestad (Li-41).

Barn fødde her:

  1. Ingjerd, f. 1946
  2. Gry, f. 1947.

44. Kåre Skjørestad,

f. 1920. Son til Andreas T. Skjørestad (Li-41).

Bonde på Li frå 1947. Han er billettør ved a/s Riskafjord.

G.m. Inger Johanne Tednes, f. 1931, dotter til Joakim Tednes, Erfjord.

Barn:

  1. Arnfinn Inge, f. 1954
  2. Aud Jorunn, f. 1957
  3. Kjellaug, f. 1959
  4. Gunvor, f. 1961, d. 1976
  5. Terje, f. 1962
  6. Ivar, f. 1972.

Litteratur og kilder

Referanser