Li (Sandnes gnr. 110/15)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Li
Stad: Hommersåk
Fylke: Rogaland
Kommune: Sandnes
Gnr.: 110
Bnr: 15
Type: gardsbruk

Li (Sandnes gnr. 110/15) er ein gard i Sandnes. Den låg før 1965 i Hetland med gnr. 46/15.

Brukarar

45. Tobias Torsen Skjørestad,

f. 1855, d. 1944. Son til Thore Olsen Skjørestad (Skjørestad-43).

Tobias kjøpte eit gardsbruk på Li i 1908 og overlot det til sonen ikkje lenge etter, det kan ha vore omlag 1910 (sml nr 40). Men Tobias fekk skilt ut eit lite stykke til seg nede med sjøen, og her budde han til han døydde. Utanom å stella småbruket var Tobias vegkontraktør. I mange år var han med i heradsstyret og for mannskapet, og han hadde også ein del andre tillitsverv. Han var og ledar for Kinamisjonen i bygda.

G.m. 1) 1878 Inger Andreasdtr., f. 1852, d. 1927, dotter til Andreas Eriksen Li (nr 74),

2) ei enkja som heitte Hope, men dei blei snart skilde.

Barna er ført på familie nr 40 gnr. 110/1.

46. Thor Skjørestad,

f. 1911, d. 1981. Son til Andreas T. Skjørestad (Li-41).

Thor forpakta fyrst faren sin gard (sjå nr 42), sidan var han båtbyggar. Han arbeidde ei tid hos Sagen inne på Hommersåk, men dreiv også sjølv her på Li i løa. Etter det var han skipstømmermann. I 1949 overtok han dette stykket som farfaren hadde hatt.

G.m. 1939 Margot Ingebretsen, f. 1909, d. 1983, dotter til Alfred Ingebretsen, Haugesund.

Barn:

  1. Marit, f. 1946.

Litteratur og kilder

Referanser