Liagrende

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Liagrende er ei grend lengst nord i Sør-Aurdal kommune og sør i Nord-Aurdal kommune, i lia vest av Begna. Grenda har namn etter gardane Søre Lie og Nørdre Lie, som ligg på kvar si side av kommunegrensa. Frå både gardane har det vorte skilt ut fleire bruk. Liaelve renn mellom dei to Liegardane.

Grenda sokna tidlegare til Reinli kyrkje, men kyrkjebøkene fortel at mange reiste til Aurdal kyrkje i staden, då det er seks-sju kilometer for den nordlege delen av Liagrende til Reinli.

Det gjekk ferje over Begna ved Svarthølen, over til Landmark på austsida. Ved sundstaden gjekk ein gammal ride- og gangveg, som i dag kan finnast att som snarveg frå Rustøe til Rusehøgde. Bilvegen frå Høve til kommunegrensa vart anlagt kring 1900, og ført vidare til Sundvøll i 1949.

Den første telefonlinja i grenda kom i 1913, då Syver Kvaal fekk telefon på Tølleivshaugen. Andre i bygda fekk ringe derifrå. I 1943 vart det strekt fleire liner, så óg andre kunne få telefon.

Kjelder

  • Gjermundsen, Jon Ola: Gard og bygd i Sør-Aurdal: Bind A Reinli og Vestre Bagn, Sør-Aurdal kommune / Valdres bygdeboks forlag, 1987. Digital versjonNettbiblioteket..
  • Faktaark fra Kartverket.

Koordinater: 60.8659806° N 9.4538861° Ø