Søre Lie (Sør-Aurdal)
Søre Lie | |
---|---|
Alt. namn: | Lien (1667) |
Rydda: | Sein jernalder |
Stad: | Liagrende |
Sokn: | Reinli |
Fylke: | Innlandet |
Kommune: | Sør-Aurdal kommune |
Gnr.: | 1 |
Type: | Matrikkelgard |
Søre Lie er ein matrikkelgard i Liagrende i Sør-Aurdal kommune. Saman med Nørdre Lie i Nord-Aurdal har Søre Lie gitt namn til Liagrende. Garden vart truleg rydda i sein jernalder. Etter svartedauden låg han øyde, og vart fyrst rydda opp at ein gong rundt midten av 1600-talet. I gammal matrikkel var garden nr. 172, og hadde 2 skinn landskyld frå andre halvdel av 1600-talet. I matrikkelen 1838 vart garden nr. 1, og dette gardsnummeret har han framleis.
Det ser ut til at Søre og Nørdre Lie ikkje kjem frå ein opphavleg namnegard Lie. Nørdre Lie ser ut til å ha hatt eit tidlegare namn, så dei var sannsynlegvis sjølvstendige garder frå først av. I 1666 kallast Nørdre Lie Melby, og i 1693 Melbylie. Under Søre Lie låg bruket Rustøe, som i 1736 vart utskild som sjølvstendig gard. Dei delte då skylda på 2 skinn og 12 merker smør, og fekk skyld på 1 skinn og 6 merker smør kvar. I matrikkelen fra 1723 var det ein husmannsplass under Søre Lie, i matrikkel fra 1761 var det fire husmenn og i 1782 fem plasser.
Bruk
På 1800-talet byrja utskiljinga av nye bruk.
Frå hovedbølet Søre Lie (bnr. 1):
- 1815: Liabrenne (bnr. 6)
- 1828: Hermundsplassen (bnr. 5)
- 1879: Sagbrøtin (bnr. 3)
- 1902: Rugbrøtin (bnr. 21)
- 1914: Nørdre Lie (bnr. 24
- 1914: Søre Lie (bnr. 25)
- 1914: Gjestvang (bnr. 26)
Frå Liabrenne (bnr. 6):
Frå Sagbrøtin (bnr. 3):
- 1920: Granheim (bnr. 31)
Frå teig av Liaskoge:
- 1949: Skoglund (bnr. 46)
Frå Rustøen (bnr. 8)
- 1845: Tølleivshaugen (bnr. 9)
- 1892: Tøsteinsbrenne (bnr. 10)
- 1892: Sofiebrøtin (bnr. 11)
- 1897: Rustøbakken (bnr. 18
Frå Tøsteinsbrenne (bnr. 10):
- 1924: Skogly (bnr. 32)
Frå Tølleivshaugen (bnr. 9):
- 1904: Song (bnr. 22)
Setrar
Det var ein rekkje setrar under Søre Lie-gardane. I 1935 vart følgjande registrert:
- Liastølen (Søre Lie bnr. 1)
- Nystølen (Sagbrøtin)
- Myrstølen (Hermundsplassen)
- Dugurdshaugen (Liabrenne)
- Jjuvesetertrøe på Blomstølo (Rustøe)
- Tølleivshaugtrøe på Liasetro (Tølleivshaugen)
Husmannsplassar
Den eldste husmannsplassen ein kjenner er Tølleivshaugen, som vart eige bruk i 1845. I 1815 er det nemnt fire plassar, som vart kalla Brennplassane. I 1865 er det nemnt ti plassar:
- Moen
- Sagbrøtin (eige bruk 1879)
- Bergatn
- Rugbrøtin (eige bruk 1902)
- Nerli
- Rustøbakken (eige bruk 1897)
- Sofiebrøtin (eige bruk 1892)
- Tøsteinsbrenne (eige bruk 1892)
- Song (eige bruk 1904)
- Lundal
I 1900 var berre tre av desse att som husmannsplassar. Andre plassar ein kjenner under Søre Lie er Enge, Liabrenne (eige bruk 1815), Dokke (eige bruk 1827) og Hermundsplassen (eige bruk 1828).
Eigarar
På 1600-talet var Søre Lie krongods. Under krongodssalet i 1660-åra kjøpte sokneprest Peder Pedersen Colding garden. Han fekk Søre Lie for ti riksdalar i februar 1666.
Vi kjenner desse eigarane fram til garden vart delt på 1800-talet:
- Peder Pedersen Colding (sokneprest i Aurdal prestegjeld)
- Lage Pedersen, son av forrige eigar
- Timann Gulliksson Torsrud (kjøpte garden 1701)
- Mikjel Timannsson (død 1743; son av forrige eigar, overtok 1721)
- Gudbrand Olsson (død seinast 1755; kjøpte hovudbølet, var leiglending på Rustøe som no vart utskilt)
- Mikjel Mikjelsson Bøen (død 1756; son av forrige eigar, overtok 1755)
- Dorte Mikjelsdotter Bøen (mor til forrige eigar, overtok 1759 og hadde arva Rustøe 1743)
- Ola Knutson Framgarden (kjøpte Søre Lie i 1761)
- Embrek Mikjelsson (son av Mikjel Timannsson og Dorte Mikkjelsdotter, kjøpte Rustøe i 1759)
- Sjugurd Embreksson (son av forrige eigar av Rustøe, kjøpte Rustøe av mora Gjartrud Sjugurdsdotter 1808)
For brukarer, sjå artiklar om dei einskilde bruka der dette finst.
Frå matriklar og panteregister
Matrikkel 1647 | |
Gammal matrikkel | MN 172 med skyld 9/25-deler skinn og 3 og 3/5-deler merker smør |
Matrikkel 1838 | MN 1 med skyld 3 skylddaler 11 skilling |
Matrikkel 1887 | |
Areal og antall bruk 2009 |
Kjelder
- Gjermundsen, Jon Ola: Gard og bygd i Sør-Aurdal: Bind A Reinli og Vestre Bagn, Sør-Aurdal kommune / Valdres bygdeboks forlag, 1987. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Lien i folketelling 1865 for Sør-Aurdal prestegjeld fra Digitalarkivet
- Christians amt, Matrikkel , 1838- på Digitalarkivet
- Lien i Rygh, Olaf: Norske Gaardnavne, b. 4, s. 220