Lillenes notlag – Notbruk i Dalsfjorden (Volda)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Lillenes notlag var eit notlag som vart etablert i 1952 av Johannes Lillenes (f.1905). Lillenes var eineeigar, men fekk hjelp av naboen Rasmus Reite på Fjøsneset og av sønene sine, når nota skulle brukast. Notlaget vart lagt ned på 1960-talet.

Notbåtar

I 1952 kjøpte Johannes Lillenes f.1905 eit notbruk frå nyå av. Han fekk bygt ny gavlbåt og spelbåt på Bjørkedalen i 1952. Det var Olav E. Bjørkedal som var båtbyggar. Båten var 25 fot lang og her vart innmontert ein Hjelsetmotor på 3 hk. Denne viste seg å vere i minste laget når ein skulle slepe på nota, og den vart etter kvart skifta ut med ein Nogvamotor på 10-14 hk. Båten hadde også spel av fabrikat Tennfjord. Registreringsnr. på båten var M 31 D. Då gamle Dalsfjord kommune i 1964 vart samanslegen med Volda kommune, fekk båten nytt reg.nr. M 129 VA. Namnet var mb. «Olav». Litt seinare kjøpte han også spelbåt på 18 fot, som i starten var robåt. Denne var bygt av svogeren til Olav Bjørkedal - Nils Helset - men i denne vart det omsider innmontert ein Bernhard bensin-motor. Båten står idag på Lissjeneset. Han hadde også eit Tennfjordspel (handspel). Notbåten vart seld til Nils Vik i Dimna i Ulstein i 1965, og vidare derifrå til Ørsta.

Nøter - stornot og stengenøter

Storenota vart levert og montert frå Korshamn (Hjørungneset). Den var 120 famner lang og 15 famner djup. Det vart og innkjøpt 2 stengenøter på 40-50 famners lengd og ca. 6 famner djupte. Dei hadde også ei orkastenot. Dei var alle bomullsnøter. Kasteplassane langs land i stranda innom og utom Lissjeneset var frå naturen av ikkje av dei beste, og kastinga var såleis på fjorden, men i vika mellom Lissjeneset og Fjøsneset var det rimeleg bra og ta nota i land. Nothenget var i - og på framsida av naustet. Det er eldste son til Johannes - Annfred Lillenes (f.1932, brukar i Rossetvik) - som har fortalt alt om notbruket. Han fortel at det vart teke ein god grand sild, brisling og mussa. Eit brukbart kast var rekna å vere rundt 100 hl. Storenota tok Annfred ut til naustet i Rossetvik, og den ligg der idag.

Kjelder og informantar

Lokale informantar for Notbruk i Dalsfjord

  • Jakob Koppen
  • Olav H. Velsvik
  • Robert Welsvik
  • John Thorvik
  • Jon J. Kornberg
  • Sverre Kvangarsnes
  • Ivar A. Sætre
  • Andè Sætre
  • Solfrid Nautvik
  • Asbjørn Åsebø
  • Ola S. Løvik
  • Lauritz S. Løvik
  • Lars K. Løvik
  • Ola K. Hjelle
  • Arvid Rossetvik
  • Annfred Lillenes
  • Einar Furnes
  • Bjarne Myklebust
  • Olav Dalebø
  • Jarle Dalebø
  • Harald Mårstøl
  • Jostein Mårstøl
  • Norvald Mårstøl
  • Åsta Mårstøl
  • Arvid Eidså
  • Rolf Eidheim,
  • Arne Eidset
  • Harald Eidset
  • Jon M Steinsvik
  • Hans J. Steinsvik
  • Svein Øverberg
  • Bjarne Drivdal
  • Nils Jakob Drivdal


Ekset, Møre og Romsdal - Riksantikvaren-T314 01 0069.jpg Lillenes notlag – Notbruk i Dalsfjorden (Volda) er ein del av prosjektet Kulturminneregistrering i Volda og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn.
Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida.