Lofthus (Tinn gnr 58)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Lofthus
Alt. namn: Lofthuus
Sokn: Atrå
Fylke: Telemark
Kommune: Tinn
Gnr.: 58

Lofthus er ein matrikkelgard i Atrå sokn i Tinn kommune. Gardsnamnet, som finst mange stader, tyder truleg «hus med rom i andre høgdi», altså eit hus med loft.

Saman med grannegarden Flåten var Lofthus på 1500- og 1600-talet ein del av storgarden Gauteset (Gauset). Gauteset vart seinare delt, slik at Lofthus vart sjølvstendig gard. På slutten av 1700-talet heitte eigaren Jon Gunnulvsson. I Tinn soga (s. 293) skriv Halvor H. Einung at Jon var «ein stor og sterk kar og ein drivande arbeidsmann. Han fekk samla heile Lofthus eigedomen og var i god stilling. Men han vart meir og meir likesæl så det gjekk attende med han.»

I 1806 vart Lofthus delt mellom to av sønene til Jon Gunnulvsson. Eldstesonen Gunnulv fekk Nord Lofthus, medan den nest eldste, Sondre, fekk Sud Lofthus.

Bruk

  • Nord Lofthus (bnr. 1), skogen vart i 1809 solgt til Didrich von Cappelen
  • Dalen (bnr. 2), gammal husmannsplass, kan ha heitt Steinarsrud før
  • Sud Lofthus (bnr. 3), skogen vart i 1809 solgt til Cappelen

Kjelder


Koordinater: 60.0396244° N 8.7439119° Ø