Lokalhistoriewiki-samtale:Bakgrunn

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Kvifor lokalhistoriewiki versus Wikipedia

Her hadde det vore kjekt med ei forklaring på kvifor ein skal skrive på Lokalhistoriewiki versus Wikipedia. For mange (inkludert meg), så virkar lokalhistoriewiki på mange måtar som eit overflødig prosjekt med innhald som like godt kunne (og burde) vera på Wikipedia. Dersom det er på grunn av motstand mot slikt innhald på Wikipedia, så hadde det vore fint å få det fram her. Kanskje diskusjonane som det blir vist til seier noko om dette? Guttorm Flatabø (Dittaeva) 25. okt 2012 kl. 15:57 (CEST)

Eg såg no Hjelp:Forskjeller_fra_Wikipedia, som adresserar forskjellane slik dei er no. Dei virkar likevel ikkje tunge nok til å rettferdiggjera ei oppsplitting (for meg iallfall). Guttorm Flatabø (Dittaeva) 25. okt 2012 kl. 16:00 (CEST)
Mi erfaring er at forskjellane er relativt store mellom Bokmålswikipediaen og Lokalhistoriewikien, men at Nynorsk Wikipedia ligg ein plass mellom dei. Ein hovudforskjell mellom Lokhist og begge dei to andre er at ein artikkel om dotømmar Ole Fredriksens liv (hypotetisk eksempel) trulig vil bli fort sletta på WP, men ønska velkommen her. -- Olve Utne 26. okt 2012 kl. 11:15 (CEST)
Betyr det at det er Wikipedias snevre emneaksept som er noko av hovudmotivasjonen for lokhist? Eg mistenkte det for å vere ein motivasjon, men det ville vera fint å få det tydeleggjort, for det er eigentleg veldig synd. --Guttorm Flatabø (Dittaeva) 26. okt 2012 kl. 11:31 (CEST)
Eg er ikkje sikker på kva du synest er mest synd, at WP har ein snever emneaksept eller at andre nettstader gir det du kallar oppsplitting. Sjølv synest eg det er naturleg å skilje mellom generelle og spesielle leksika og oppslagsverk også på nett, jamvel om det er fysisk mogeleg å samle alt på nokre få nettstader. Slike nettstader kan skilje seg både i emneutval, kjeldebruk, sjangerval o.a. Olve nemner dotømmar Fredriksen. Eg ville ikkje vente å finne ein artikkel verken om han eller om Helga Kristiansen på WP, men på LW høyrer dei absolutt heime. Eg ville heller ikkje vente å finne ein artikkel om kvart enkelt hus i Brugata, om folka som har budd i dei og om ulike typar næringsverksemd dei har drive der opp gjennom tidene. Denne typen artiklar krev dessutan utstrakt bruk av primærkjelder, noko som høver med LW sitt ønske om å utvikle ny kunnskap. Vi har jamvel eit eige rom for kjelder i wikien, mellom anna munnlege kjelder av typen Inger og Solveigs sykkeltur. Stoff av denne typen er det ikkje og bør det etter mi meining heller ikke vere rom for i eit generelt leksikon som WP. Dersom du sjølv ønsker å skrive artiklar som ikkje slepp gjennom på WP, vil eg oppmode deg til å gjere det her på LW. :) Vennlig hilsen --Marianne Wiig 30. okt 2012 kl. 10:24 (CET)