Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2010-24

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hå gamle prestegard i 2007.
Foto: Jarle Vines

Hå gamle prestegard ligg i Hå kommuneJæren. Våningshuset frå 1787 er den eldste prestegardsbygningen som er bevart i Jæren prosti. Husa i det gamle prestegardstunet er no kultursenter med utstillingar og andre arrangement. Det er eit mykje brukt tilbod for folk i distriktet, og mange turistar legg dessutan vegen innom Hå. Strandgravfelta frå jernalderen, Obrestad fyr, den gamle Kongevegen og huset til dei engelske «lakselordane» på andre sida av Håelva bidreg til å gjera området kulturhistorisk interessant. Den eldste opplysninga om Hå som prestebustad skriv seg frå 1637. Det dreier seg om eit kongebrev som gav Kristen Lauritsson Lind og kona, Margrethe Pedersdotter, løyve til å bu her i deira levetid, og etterpå kunne eitt av barna deira overta garden. Kristen hadde vore prest i Bø prestegjeld frå rundt 1610. På denne tida var Bø kyrkje i Nærbø hovudkyrkje i soknet. Bø sokneprestembete åtte garden Hå, som i Kristen og Margrethe sine auge må ha vore ein meir attraktiv plass å bu enn Bø. Kvifor valde dei å flytta? Hå var ein svært god gard med viktige attåtnæringar (sjå under), som låg sentralt til ved Kongevegen over Jæren og nær sjøen. Dessutan kan det ha spela ei rolle at Njærheim kyrkje i Hå var ombygd eller heilt nybygd på denne tida. I alle høve medførte flyttinga til prestefamilien at Njærheim kyrkje blei ny hovudkyrkje, og prestegjeldet skifta namn frå Bø til Hå prestegjeld.Les mer...