Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2014-22

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sykkylven vidaregåande skule etter fasadeskiftet i 2013.
Foto: Dagfinn Fredly

Sykkylven vidaregåande skule vart oppretta i 1974 gjennom eit sterkt lokalt engasjement og kløktig bruk av gode alliansar, også på nasjonalt nivå. Skulebyggaren framfor nokon var inspektør ved ungdomsskulen, seinare rektor og skulesjef, Ola Longva.

I 1960- og 70-åra vart det meir og meir vanleg å ta vidaregåande utdanning. Det skjedde nærast ein utdanningseksplosjon i desse åra, noko ein kan vise med følgjande tal: Elevtalet i gymnaset vart femdobla på landsbasis frå 1950 til 1970. Elevtalet på fag- og yrkesskular auka frå kring 50.000 til 70.000 frå 1960 til 1970. Utviklinga var ikkje annleis i Møre og Romsdal: Talet på gymnasiastar i fylket var 450 i skuleåret 1950/51, 1000 i 1960/61 og 2500 i 1970/71. Dei sykkylvsungdomane som ønskte å ta vidaregåande utdanning måtte anten reise til Volda eller til Ålesund. Utover i 1960-åra var det fleire som byrja å snakke om at det no var på tide å arbeide for ein vidaregåande skule i kommunen.Les mer...