Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2015-46

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bratteland på 1950-talet, Nordstog til venstre. Bilete frå Setesdalsmuseet.

Bratteland ligg austom Dysje, og er den austlegaste av dei gamle gardane i Botnen i Bykle. Som gardsnamnet tilseier, er terrenget her nokså bratt, men på nedsida av der husa sto var likevel tolleg slakt hallande jorde. Nå er desse neddemde.

Tydinga av namnet trengst ikkje seiast meir om. Når det gjeld alderen, kan me melde at namnegranskarane meiner at dei fleste gardsnamn som endar på -land skal skrive seg frå folkevandringstida, dvs. frå perioden mellom åra 400 og 600. Om dette slår til når det gjeld Bratteland, vil det stille denne garden på alder med busetnaden på Tveiti og Nesland, og jamvel om me ikkje har registrerte oldfunn å vise til, tykkjer me ei slik datering virkar rimeleg.Les mer...