Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2019-3

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Originalteikning av ruta Armfeldt fulgte frå Sverige til Steine skanse

Armfeldtfelttoget er ei vanleg nemning på krigshandlingane som gjekk føre seg i Trøndelag under Den store nordiske krigen frå september 1718 til dødsmarsjen til karolinarane over Tydalsfjella i januar 1719. Ein styrke på om lag 10 000 soldatar, i samtida og ettertida ofte kalla Jemtlandsarméen, vart våren og sommaren 1718 samla kring Duved skanse i Jemtland for å foreta eit innfall i og erobre Trøndelag som ein del av det andre forsøket av Karl XII av Sverige på å ta Noreg under denne krigen. Arméen stod under kommando av generalløytnant Carl Gustaf Armfeldt, og felttoget har også fått namn etter han.

Også under det første forsøket Karl XII gjorde på å ta Noreg, var det planlagt ein operasjon i Trøndelag, men den kom aldri i gang. Men no skulle det også opprettast ein front her, også for å forhindre at dei norske avdelingane i regionen vart sendt sørover for å forsterke forsvaret i Sør-Noreg. I utgangspunktet var Karl XIIs plan at Jemtlandsarméen skulle avmarsjere frå Duved 15. august og erobre Trøndelag innan 28. september, altså på seks veker. Det skulle altså vise seg å vere umuleg.Les mer...