Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2019-48

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Aure sett frå fjorden.
Foto: Nasjonalbiblioteket (ca. 1948-49)

Aure er namnet på den gamle sentrumsgarden i Sykkylven. I dag ligg den karakteristiske sentrumskvadraturen på grunn som tilhøyrde Auregarden. Det gamle klyngetunet er framleis intakt, med både våningshus og driftsbygningar, men det vert ikkje drive aktivt landbruk her lenger.

Namnet har vore skrive på ulike måtar: Ewre i 1520, Ouffre i 1603, Offraa i 1606 og 1616, Ouffre i 1617, Oure i 1666, og Oure med Ullevig Engeslette i 1724. Garden grensar i sør mot Klokkerhaug, Nakkegjerde og mot Viks sætremark, i aust mot Haugset, i nord mot Grebstad, Hjellegjerde og Indre Fauske, og i vest mot Sykkylvsfjorden. Ei bukt av fjorden, Ullavika, går inn mot nordre delen av Aure, og Haubukta eller berre kalla Bukta går mot søre delen på grensa mot Klokkerhaug.

Aureelva renn gjennom garden. Ho kjem frå Andestadvatnet. Nedafor Haugset er ho eit kort stykke grenseskil mellom Grebstad og Aure, men renn sidan over Aure si mark til ho munnar ut i fjorden på sørsida av Ullavika.Les mer...