Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2020-19

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Regjeringa Borten (1965–1971) i sitt første statsråd på Slottet. Faksimile frå Aftenposten 13. oktober 1965.

Regjeringa (formelt Noregs Statsråd) er øvste utøvande myndigheit i Noreg, med ansvar for å setje i verk vedtak frå og foreslå saker for Stortinget. Statsministeren leiar regjeringa, og kvart departement leiast av ein statsråd. Grunnloven omtalar statsminister, men bruker elles nemninga statsråd om minister (eller medlem av statsrådet). Den statsråden som leiar Utanriksdepartementet, blir kalla utanriksminister. Statsråd er den tradisjonelle nemninga på ein regjeringsmedlem som ikkje er statsminister eller utanriksminister. Nemninga nyttast synonymt med minister, og vart innført ved kongelig resolusjon av 19. mai 1814.

Nemninga statssekretær vart nytta fram til 1926 om statsrådssekretæren, statsrådets sekretær som møtte i statsrådet, ein stilling som forsvant 1969 då denne funksjonen vart overtatt av Statsministerens kontor.

Etter Grunnloven ligg den utøvande makta hos kongen (eller regjerande dronning), og monarken eller tronarving skal derfor ta del i regjeringa sine plenumsmøte – på papiret er det «Kongen i statsråd» som styrer landet, men sidan parlamentarismen blei innført i 1884, har monarken berre ein symbolsk funksjon.Les mer...