Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2020-31

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Gjerde sett frå aust. Campingplassen i framgrunnen, Jostedal Hotell i midten bak, Joker-butikken til venstre for hotellet og driftsbygningen til garden til høgre. Krundøla, Snåpebrui og vegen opp Haugabakkane til Krundalen i høgre kant.
Foto: Oddmund L. Hoel (2012)

Gjerde (Luster, gnr. 207/3) er eit gardsbruk og bygdesentrum i Jostedalen, Luster kommune. Staden ligg langs hovudvegen framover Jostedalen der Krundøla kjem ned i hovuddalføret. Gjerde sokna til Krundalen skule fram til krinsen vart nedlagd i 1963.

Etter nyryddinga av Jostedalen på 1500-talet høyrde heile området i hovuddalføret på sør- og nordsida av Krundøla til garden Flatejordi, som er nemnd alt i presteskattelista frå 1596. Men Flatejordi vart lagt øyde att kring 1610, og garden vart delt slik at bonden på Haugen fekk hand om området på nordsida av Krundøla medan Hellegård fekk hand om området på sørsida. Ved ei delingsforretning 16.-18. juli 1901 vart dei tre Gjerde-plassane utskilde som eit eige gardsbruk (Gjærde). Denne parsellen femnde òg om halvparten av øygarden på Flatejordi på nordsida av Krundøla.Les mer...