Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2020-4

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Loptet frå Myri. Dette er same huset som me har teikning av i bolken om Holen.
Foto: Leonhard B. Jansen (2004)

Myri var det opphavlege hovudbølet på Holen i Bykle kommune. Store delar av innmarka på dette bruket var flat og meir eller mindre myrlendt. Rett sør for tunet var det dessutan ei djup myr, som rett og slett vart kalla Myri, så namnet gav seg sjølv.

Når me trur at dette bruket er den eldste verestaden på garden har fleire grunnar. For det fyrste hadde Myri eit lopt frå 1600-talet, medan Der uppe vanta slike klenodiar. For det andre reknar me med at Auver Auversson, som var odelsmannen då garden vart dela, om han aldri så mykje hadde pantsett bruket sitt, naturleg ville velje å verta sitjande på det gamle hovudbølet.

Auver Auversson døydde ein gong mellom 1708 og 1711 (sjå bolken om den udela garden). Dinest sat enka hans med bruket ei stund, og då dottera gifte seg, vart det ho og mannen hennes som overtok.Les mer...