Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2020-45
Nicolai Hersleb Ramm (fødd 4. februar 1756 i Furnes i nåverande Ringsaker kommune, død 11. september 1830 på Tynset) var utdanna som offiser, men var mesteparten av sitt yrkesaktive liv tilsett som skoginspektør ved Røros og Folldal verk. Han kjøpte garden Moen (Ramsmoen) på Tynset ca. 1787, og budde der til han døydde. Ramm var med og la til rette for bureisinga i Bardu på slutten av 1700-talet, der mange frå Tynset og andre stader i Nord-Østerdalen og Gudbrandsdalen kom til å slå seg ned. Nicolai Hersleb Ramm var morfar til Nikolai Ramm Østgaard, som delvis var oppfostra hjå bestefaren på Ramsmoen. Nicolai Hersleb Ramm var son av major Eilert Jørgen von Hadelen Ramm (1720-1793) og Magdalene Wetlesen (1729-1813). Faren var fødd i Lom, men tenestegjorde mesteparten av karrieren på Hedmarken. Mora var frå storgarden Hornnes (Kåre-Hornnes) i Skjeberg. Foreldra hennar var gardbrukarparet Ole Wetlesen (1686-1762, opphavleg frå Storerød på Hvaler) og Anne Halvorsdotter frå Jellestad i Berg i nåverande Halden kommune. Les mer...