Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2021-5

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Elevar på jentekurset ved den flyttbare fjellandbruksskulen hausten 1916.
Foto: Knut Tomassen Sorteberg/Hemsedal bygdearkiv (1916)

Lien landbruksskole var landbruksskulen for fjellbygdene i Buskerud. Han låg i Torpo i Hallingdal, og vart bygd i 1922 etter eit drygt tiår med flyttbar skule i ulike hallingdals- og numedalsbygder. Tidleg på 1900-talet var det ingen landbruksskule i Buskerud, og ungdomar frå fylket som ville ta landbrukssutdanning, måtte gjera det på skular i andre fylke. I 1910 vedtok Buskerud amtsting (fylkesting frå 1917) at ein skulle setja i gang landbruksutdanning i amtet. Det vart etablert to skular. Den eine skulle vera for flatbygdene og den andre for fjellbygdene. Skulen for flatbygdene vart lagd til Buskerud hovudgard på Modum. For fjellbygdene i Buskerud, dvs. kommunane Nore og Uvdal og Rollag i Numedal og Gol, Hemsedal, Ål og Hol i Hallingdal, vart det etablert ein flyttbar skule med korte kurs på tre månader. Det skulle haldast eigne kurs for jenter der husdyrlære, kjøkenstell og kosthald var viktige fag. Desse kursa skulle gje nyttig kunnskap for framtidige gardkoner.Les mer...