Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2022-24
Hopp til navigering
Hopp til søk
Haraldshaugen ligg på garden Gardå (Gard) i Haugesund kommune. I 1872, til 1000-års jubileet for slaget i Hafrsfjord, blei det på Haraldshaugen reist eit monument over Harald Hårfagre og rikssamlinga. I 1852 besøkte Ivar Aasen det folk antok var den gamle kongegrava på Gardå. Her vart han inspirert til å skriva om Haraldshaugen : Her ser eg Haralds haug fyre augom. Diktet stod på trykk både i Folkevennen, Illustreret Nyhedsblad og det kom med i P.A. Jensen si Læsebog for Folkeskolen og Folkehjemmet (1863). Dermed var Haraldshaugen sikra ein plass i den nasjonale mytologien som blomstra i denne nasjonsbyggingsfasen.Les mer...