Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2022-8

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Øvre Skarpmoen. Dette er truleg det eldste tunet på Skarpmo-eiga. Biletet er teke av Narve Skarpmoen ein gong rundt 1905.

Skarpmoen er ein matrikkelgard i Rollag, gardsnummer 47, som strekkjer seg frå Numedalslågen i vest og austover til grensa mot Sigdal. Gardsnamnet er forklart slik: «Første Led sigter til Jordbundens Magerhed: her er haard og skarp Mark.» Det er funne fleire gjenstandar på Skarpmo-eiga som vitnar om menneskeleg aktivitet her i lang tid attende. For lang tid sidan vart det funne ei flintøks utan skafthol og eit par bronsespenner på eit av jorda. Desse gjenstandane veit ein ikkje kor er i dag. Universitetets oldsakssamling har ein spjutspiss med mothakar frå eldre jarnalder som er funnen på Skarpmoen.Les mer...