Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2023-4

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Skip og kor, frå Gamle norske kirker, utg. 1922.

Hedalen stavkyrkje står i bygda Hedalen i Sør-Aurdal, sør i Valdres. Ho vart reist som ei einskipa langkyrkje kring 1165, og vart i 1699 ombygd til ei korskyrkje. Den vestre delen av skipet er den opphavlege stavkyrkja. Ho er framleis soknekyrkje for Hedalen sokn. Kyrkja trakk òg folk frå mellom anna Ådalen, dei andre delane av Sør-Aurdal, Etnedal og Hallingdal til feiring av jonsok og mikkelsmess heilt fram til «Hedalsmessa» vart avskaffa kring 1850.Kyrkja vart stilhistorisk datert til kring 1165. Det er ikkje alltid lett å treffe blink med slik datering, men i dette høvet har seinare årringdatering vist at tømmeret vart hogd vintrane 1161/1162 og 1162/1163. Les mer...