Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2023-9
Hopp til navigering
Hopp til søk
Ein mjølkerein (bokmål òg melkerein) eller mjølkarrein er ein rein som blir halden tam og mjølka på sommaren — gjerne frå sist i juni til først i september. I intensiv reindrift utgjer mjølkereinane ein vesentlig del av reinflokken, som da kan bestå av alt frå nokre få dyr og opp mot 70–80 reinar. Mjølkereindrift har vore vanlig i store delar av dei samiske områda, men opp mot nyare tid har mange familiar gått over til meir ekstensiv kjøttreindrift eller vorte fastbuande. Etter andre verdskrigen har mjølkereindrifta stort sett forsvunne. Les mer...