Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2024-48
Draumkvedet er eit visjonsdikt som truleg først vart laga mot slutten av mellomalderen. Det skildrar ein visjon av livet etter dette, der Olav Åsteson eller Åknesån fall i ein ekstatisk søvn på julaftan og ikkje vakna før trettande dag jul. Då rei han til kyrkja, og satt seg i kyrkjedøra og fortalde om «draumane mange» der han hadde sett både dødsriket og Paradis. Diktet er bygd opp som ein ballade, men skiljer seg frå den vanlige forma med skiftande omkved og melodi.
Det vart tidleg klart for forskarane at Draumkvedet var noko eineståande i norsk samanheng. Det har tydeleg inspirasjon frå irsk-skotske visjonar frå tidleg mellomalder, men er langt seinare enn desse. Samstundes tyder det katolske innhaldet på at det må ha blitt laga før reformasjonen fekk sitt gjennombrot i Noreg, og ut frå stilistiske trekk truleg heilt mot slutten av mellomalderen eller noko lenger ut på 1500-talet. Litteraturforskarar og kulturhistorikarar har jobba mykje med verket, og fleire komponistar og biletkunstnarar har latt seg inspirere av det.Les mer...