Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2026-11
Hopp til navigering
Hopp til søk
Fallabygningen, stugu frå Falla i Skrukkelia, Hurdal kommune. Stugua er frå 1700-talet, og skal ha vori bygd av skogfinnar. Ho er ei akershusisk peisestugu, og skiljer seg dermed frå dei tradisjonelle skogfinske røykomnstugune.
Foto: Gisle Midttun/Norsk Folkemuseum.
Nedanfor er ei oversikt over skogfinske busetnadsområde på Austlandet. Den mest kjende av desse er Finnskogen, som strekk seg på båe sider av riksgrensa mellom Innlandet og Värmland, men det var fleire andre skogområde lenger vest på Austlandet der dei òg slo seg ned. I dei fleste fall busette dei seg i store skogområde som passa til svedjebruk, og dermed vanlegvis på tvers av administrative grenser. Finnskogen var det området med høgst konsentrasjon av skogfinnar, og det området der dei sist vart assimilert. I andre område, slik som Skrukkelia og Finnemarka, gjekk dei venteleg opp i det norsktalande fleirtalet langt tidlegare.Les mer...