Skogfinske busetnadsområde på Austlandet

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Fallabygningen, stugu frå Falla i Skrukkelia, Hurdal kommune. Stugua er frå 1700-talet, og skal ha vori bygd av skogfinnar. Ho er ei akershusisk peisestugu, og skiljer seg dermed frå dei tradisjonelle skogfinske røykomnstugune.

Nedanfor er ei oversikt over skogfinske busetnadsområde på Austlandet. Den mest kjende av desse er Finnskogen, som strekk seg på båe sider av riksgrensa mellom Innlandet og Värmland, men det var fleire andre skogområde lenger vest på Austlandet der dei òg slo seg ned. I dei fleste fall busette dei seg i store skogområde som passa til svedjebruk, og dermed vanlegvis på tvers av administrative grenser. Finnskogen var det området med høgst konsentrasjon av skogfinnar, og det området der dei sist vart assimilert. I andre område, slik som Skrukkelia og Finnemarka, gjekk dei venteleg opp i det norsktalande fleirtalet langt tidlegare.

Områda

Finnskogen

Røykomnstugu på HytjanstorpetGrue Finnskog.
Foto: Ingebret Aas (1938).
StubbdalKrokskogen, eit område som fekk mykje skogfinsk innvandring på 1600-talet. Merk at husa på biletet er av vesentleg nyare dato.
Foto: Anders Beer Wilse (1928).

Finnskogen omfattar delar av Kongsvinger, Grue, Åsnes, Våler, Elverum og Trysil kommunar, samt Torsby og Arvika kommunar på svensk side av grensa. Ifølgje finnemanntalet av 1686 var det over 400 finnar i dette området: 58 i Elverum prestegjeld (Trysil Finnskog, Elverum Finnskog), 179 i Hof prestegjeld (Våler Finnskog, Åsnes Finnskog, Hof Finnskog) og 159 i Grue prestegjeld (Grue Finnskog, Brandval Finnskog). Ein del av dei 163 finnane i Vinger prestegjeld høyrer òg hit, men ikkje alle: I dette prestegjeldet var det finnar i Vinger Finnskog, men òg lengre vest, mellom anna i Eidskog og Vestmarka.

Skogtraktene kring Mangen-sjøane

Dette busetnadsområdet omfattar delar av Nes, Aurskog-Høland, Eidskog, Kongsvinger og Sør-Odal kommunar, samt Eda kommun på svensk side.[1] Finnemanntalet melder om 38 finnar i Aurskog prestegjeld og 15 i Nes prestegjeld, dessutan høyrer ein del av dei 163 i Vinger og dei 38 i Odalen prestegjeld òg hit.

I Aurskog var finnane busett på gardane heilt nordaust i soknet, ved Mangen og Viksjøen: Ovlien, Søndre og Nordre Mangen.

Mellom Odalen og Hedemarken

Dette området omfattar delar av Nord-Odal, Stange og Løten kommunar.[2] Det var 20 finnar i Romedal prestegjeld, 16 i Løten og fem i Stange, i alt 41. Dessutan høyrer nokre av dei 38 i Odalen prestegjeld òg hit.

Skrukkelia og Totenåsen med omegn

Kjernen i dette området er Skrukkelia, som er den vestre delen av Hurdal kommune, og som på denne tida høyrte til Gran på Hadeland. Området omfattar òg andre delar av noverande Hurdal kommune, samt delar av Nannestad, Gran, Østre og Vestre Toten kommunar.[3] Her var det i 1686 minst 160 finnar: 67 i Eidsvoll prestegjeld (som Hurdal), ni i Nannestad prestegjeld og 39 i Toten prestegjeld, og av dei 143 finnane i Hadeland og Jevnaker prestegjeld var minst 45 busett i Skrukkelia. Fleire av dei resterande finnane i Hadeland og Jevnaker prestegjeld høyrer nok òg hit.

Oslomarka og Krokskogen med omegn

Dette området omfattar delar av Oslo, Bærum, Asker, Hole, Ringerike, Nittedal, Lørenskog, Jevnaker og Lunner kommuner.[4] Ifølgje finnemanntalet var det 36 finnar i Aker prestegjeld, 30 i Asker og Bærum, 23 i Skedsmo, 19 i Norderhov og 45 i Hole, i alt 153. Særleg høg var konsentrasjonen i Hole, der delar av området heiter Finneskauen.[5] Dessutan høyrer nok nokre av dei 143 finnane i Hadeland og Jevnaker prestegjeld hit.

Finnemarka

Finnemarka omfattar delar av Modum og Lier kommunar, moglegvis òg delar av Øvre Eiker kommune, enda om det ikkje var nokre finnar i Eiker i 1686.[6] Finnemanntalet gir 16 finnar i Lier prestegjeld og 33 i Modum.

Mindre busetnader

  • Ringsaker (Brøttum): Her var det 14 finnar i 1686, på Bokkerudstad, Onsum og Mesnalia.[7]
  • Nordre og Søndre Land: Her var det 35 finnar i 1686, mellom anna på Nordråk, Flatlien og Engelien vest for Randsfjorden, og på Gudmundsrud og Gullerud aust for fjorden.[8]
  • Gjøvik (Vardal): Her var det tolv finnar i 1686, på Gillerhaugen, Vesterås, Bjugstad og Svartåsen.[9]
  • Enebakk: Her var det 13 finnar i 1686, på Kjærsrud og Gjevelsrud.[10]
  • Rakkestad: Rakkestad er ikkje nemnt i finnemanntalet, men Christensen meiner det finst ein handfull moglege finneplassar.[11]

Fotnoter

  1. Sjå kart hos Christensen, side 122.
  2. Sjå kart hos Christensen, side 127.
  3. Sjå kart hos Christensen, side 138 og 141.
  4. Sjå kart hos Christensen, side 154.
  5. Sjå kart hos Christensen, side 169.
  6. Sjå kart hos Christensen, side 181.
  7. Sjå kart hos Christensen, side 132.
  8. Sjå kart hos Christensen, side 134.
  9. Sjå kart hos Christensen, side 138.
  10. Sjå kart hos Christensen, side 152.
  11. Sjå kart hos Christensen, side 151.

Litteratur

  • Christensen, Trygve: Skogfinner og finnskoger : vandringene vestover på 1500- og 1600-tallet - fra Finland til de svenske og norske finnskogene - og videre vestover til store deler av Østlandet, Oslomarka og Finnemarka. Utg. T. Christensen. 2002. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Johansen, Annikken: "At sådan ukrutt måtte ganske utryddes" Om de finske innvandrerne på Østlandet på 1600-tallet, og deres møte med det norske bondesamfunnet. Masteroppgave i historie, Universitetet i Oslo, 2014. Digital versjon hos DUO vitenarkiv.
  • Opsahl, Erik og Harald Winge (red.): Finnemanntallet 1686. Utg. Norsk historisk kjeldeskrift-institutt. Oslo. 1990. 274 sider. [Trykt utgave av Finnemanntallet 1686.] Digital versjonNettbiblioteket.
  • Østberg, Kristian: «Finnenes rydning og bosetning innover Østlands-bygdene», i Ny Jord nr. 4, 17. årg. 1930. Kristiania, 1930. Digital versjonNettbiblioteket.