Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2026-25
Nedanfor er ei liste over dei siste finsktalande på Finnskogen. Skogfinnane på Finnskogen vart fornorska og forsvenska i løpet av 1800-talet og tidleg 1900-tal, og etter 1950 var det berre eit fåtal att som kunne tala finsk. Langt dei fleste var på svensk side av riksgrensa, innafor noverande Torsby kommun, men det var òg nokre i Grue Finnskog.
Hovudkjeldene til denne lista er to oversikter over finsktalande personar i 1954 og 1961. Lista frå 1954 omfattar i alt 33 personar, alle på svensk side av grensa, og bygger på undersøkingar av ein komité som vart nedsett av Värmlands landsting for å kartleggja restane av den skogfinske kulturen i länet. Lista frå 1961 omfattar i alt 22 personar, 21 av dei på svensk side av grensa, og éin i Grue Finnskog. Lista nedanfor omfattar alle som er nemnt i ei av desse to kjeldene, samt enkelte personar frå andre kjelder. I 1974 var det att berre to finsktalande skogfinnar, nemleg Alma Augustsson og Henrik Olsson. Da sistnemnte døydde i 1980, døydde antakeleg savolaxfinsken ut med han. På norsk side forsvann språket med Peder Paulsen («Torkellin-Pekka»), som forlot denne verda i 1967.Les mer...