Ludvig Midtbø (1891–1973)
Ludvig Midtbø (fødd 17. juli 1891, død 23. august 1973) var motorbåtreiar og dreiv skomakarverkstad i Eikefjord i noverande Kinn kommune. Han hadde også eigen drosjebil.
Han vart fødd på garden Midtbø i Nordalsfjord, som son av Mads Midtbø (f. 1864) og Elisa Midtbø (f. 1884). Han mista høyrsla 11 månader gammal og gjekk Døveskulen i Trondheim. Etter dette og fram til han flytte til Eikefjord i 1925, dreiv han eigenstudie i teikning, båtbygging og skomakaryrket.
Ludvig Midtbø bygde i alt tre båtar og dreiv som førar av desse båtane i skyss- og turtrafikk i mange år. Den siste båten gjekk i rutetrafikk for Sogn og Fjordane fylkesreiarlag.
Ludvig Midtbø etablerte skomakarverksemd i Eikefjord i 1925, arbeida særleg slagstøvlar og skinntøfler – desse var særs godt etterspurde. Han hadde også ferdig teikning til ny skofabrikk som skulle byggjast så snart løyve låg føre.
Kjelder
- Ludvig Midtbø i Historisk befolkningsregister.
- Nb.no – aviser [her trengst meir nøyaktig informasjon]
- Opplysningar frå Jostein Midtbø.