Møbelskum

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Møbelskum var ei skumplastbedrift i Sykkylven, skipa i Straumgjerde i 1987. Initiativtakarane, Svein Hatlemark og Odd Arne Jarnes, ville prøve å hevde seg i ein krevjande bransje – skumplastproduksjon for møbelindustrien.

For å bli konkurransedyktige hadde dei ikkje anna val enn å slå stort på det med det same. Dei måtte kunne ta på seg like store ordrar som konkurrentane, dei måtte kunne levere like raskt, og dei måtte halde like høg kvalitet på varene. Som så ofte for nykomarar er det likevel ikkje nok å vere like gode som dei etablerte. Av praktiske omsyn vil kundane då gjerne halde oppe dei kjende og trygge sambanda. Den som vil vinne marknadsdelar, må kunne lokke med fordelar. Rimelegare pris kan vere eit av agna, eller ein kan by på snøggare levering og betre service.

Møbelskum hadde investert i moderne utstyr og eit stort anlegg på 2070 m2 for å kunne møte etterspurnaden. Talet på tilsette var åtte heilt frå starten av. Bedrifta kunne knapt ha kome i gang på eit meir ugunstig tidspunkt. Vinteren 1988 opplevde dei fleste møbelfabrikkar ein produksjonsnedgang. Det vart eit prispress på forskjellige underleveransar til bransjen. Forbruket av skumplast vart t.d. ikkje så stort som eit normalt konjunkturforløp skulle tilseie.

Leiinga ved Møbelskum hadde heilt frå starten bestemt seg for at dei ville ha to bein å stå på. Difor gjorde dei ein avtale med Zoologisk Design i Sykkylven om leveransar av dyrefigurar i hard polyuretanplast. Dyrefigurane vart aldri den suksessen bedriftsleiinga hadde vona.

Hatlemark og Jarnes og dei fjorten andre investorane måtte snart innsjå at dei hadde teke ein sjanse, men at forsøket ikkje hadde lukkast. Møbelskum var i drift berre eit knapt år, frå april 1988 til januar 1989.

Kjelde: