Magnhild Oddsdotter

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Magnhild Oddsdotter (fødd omkr. 1425, død 1499GrefsheimNes) var husfrue og styrte som enke gjennom fleire år store godssamlingar.

Slekt og familie

Ho var dotter av Odd Bottolvsson på Finne og Botild Torsteinsdotter.

Kring 1438 vart ho gift med riddar Bengt Harniktsson (d. omkr. 1446).

Ho vart gift for andre gongen kring 1449 med ein Sigurd. Vi veit ikkje kven han var, men han kan ha vore tilknytt slekta SkaktavlGrefsheim. Han døydde kring 1457. I dette ekteskapet fekk ho sonen Karl Sigurdsson, som vart biskop av Hamar.

Seinast i 1458 vart ho gift med riddar Alv Knutsson (omkr. 1420–1496). Dei fekk sønene Knut Alvsson (omkr. 1455–1502) og Odd Alvsson (omkr. 1460–1497) og dottera Karine Alvsdotter.

Liv og virke

Faren eigde FinneVoss. Hans far Bottolv Eindridesson var væpnar, og foreldra hans var Eindride Bottolvsson frå Kvam og Åsa Håvardsdotter frå Rogne på Voss. Odd tilhøyrde såleis ei linje der dei lågadelege slektene Finne, Kvam og Rogne var samla, og han eigde ikkje berre Finne, men òg ein stor del av Kvam- og Rogdegodsa.

Då ho gifta seg for andre gongen kring 1449 vart ho husfrue på Grefsheim, som i dag ligg i Ringsaker kommune. Ho var aktiv deltakande i styringa av godset, som femna eigedomar både på Hedmarken og i Gudbrandsdalen. Då Sigurd døydde kring 1457 tok ho styringa på godset på vegne av sonen Karl. Då han valde ein geistleg karriere tok ho saman med sin tredje mann, Alv Knutsson, over godset.

Ho var involvert i kjøp av eigedomar på Hedemarken, ofte saman med mannen, men òg på eiga hand når han var oppteke med arbeid i riksrådet og andre plikter. Alv Knutsson fekk gjennom arv – sjå nærare i artikkelen om Alv – òg andre godssamlingar, som GiskegodsetSunnmøre, SudrheimgodsetRomerike og Bjarkøygodset i Nord-Norge. Dei hadde Grefsheim som sin primære bustad og setegard, men reiste òg jamleg til dei andre godsa.

Karl Sigurdsson vart biskop på Hamar i 1476 og høvedsmannAkershus i 1485. Han døydde i 1487, og det vart då tvist om arven. Fru Magnhild ville ikkje akseptere testamentet som vart framlagt av Hamar domkapitel, og som gav ein stor del av hans jordegods til kyrkja. Det ser ut til at ho vann fram med dette, slik at godset gjekk til slekta.

Paret hadde ein eigen huskapellan på Grefsheim, og dei donerte ein altar, St. Annas altar, i Hamar domkyrkje.

Etter at ho i 1496 vart enke for tredje gongen fortsette ho å styre godssamlinga, noko ho gjorde til sin død. Dottera Karine fekk eit systerlodd i Grefsheim, medan sonen Knut Alvsson fekk resten av eigedomane – sonen Odd Alvsson døydde i 1497, to år før fru Magnhild. Arva hamna seinare hos Gørvel Fadersdotter, som var oldebarn til Magnhild.

Litteratur